måndag 7. april 2008

EN ODE BLÅ - HER ER DET HØDDAR Å SJÅ

Ulrik, Heltne, Stavseng and Veris
Værnes, Klock, Nando and Lie
Tougher than Rambo and Bruce Lee

Joa Magnussen, nr. 18
han er sjølve scoringskatten

Erik Sandal med longe skudd
meir presis enn Robin Hood

Nokre slår longpasningar og missa
han Oddi legg dei på lissa

Holand ynskjer å vere hard
men er ein ekte moviestar

Rogvi han blir aldri voksen
men ingen er farlegare enn han i boksen

Anders fintar backar i pølsebu
er Sørgård raskare enn Lynet tru?

Eivind Myklebust, teknikaren vår
han har lagets høgste hår

Hoseth tøyer og han strekker
sportsdrikkens meisermekker

Vemund han er brekkstanga vår
han har biceps som andre har lår

Duracell-Kjetil spring og spring og spring
8-talstestar gjer han ingenting

Ørjan, Vebjørn, Øystein - målet vårt vaktar
score på dei er det ingen som maktar

Helge er spelaren frå Smøla
sit på plassen ved garderobedøra

Vågen Tom er skræmar - sjef over skilt
songane hass gjer det svært så gilt

John Vik er matrialforvaltar
dei gongane han ikkje til pøbben traltar

Bondeknølar og byramp
for Hødd kjempar dei kvar ein kamp
gjennom sigrar og uavgjort
sesongen går svært så fort

Champagne brusar i glas og i kopp
i oktober når Hødd har rykka opp
Lukkast vi ikkje, så går det alternativt
neste sesong tek vi det suksesivt

For Sture den Lure og hans hær
er inga utfordring altfor svær!

Blogg Light

Lite blogging siste tretti døgn, med utsikt for fortsatt lite blogging komande tretti døgn. Uttrykt for enkelte utsagn seinare ut i månanden. Men ikkje for kraftig utblåsingar i feil retning.

Det var været. Highligts sida sist har vore:

- Chiletur med U20-landslaget. Viktig læring for meg og laget.
- Treningsopphaldet i La Manga etter påske. Finpuss for seriestarten.
- Premiereseier mot Sparta igår.

We'll meet again don't know when, don't know when. But I'll know we'll meet again some sunny day!

fredag 1. februar 2008

Godt år?!

Vi skriv februar og januar gjekk uten eit einaste innlegg i bloggen frå meg. Ein kan altså slå fast at blogging ikkje var på lista over nyårsforsett frå mi side. Elles kan det vere han som meiner det heiter "nyttårsfortsett", fordi ein berre fortset med greiene slik det var...

Norah, Caroline og eg har kome oss i hus i Nesevegen 3 på Saunes, "Remabygget" sam eg plar kalle det når eg skal forklare til folk kvar eg bor. Er vel ikkje umogleg at det kan bli heitande det på folkemunne frametter... Vi trivst godt, men vi har vore så stressa med flytting, skule og jobb at vi har ikkje fått roa oss ned og tenkt på korleis vi har det her enno! Men det kjem vel, elles er det noko uferdig her - det er ein anleggsplass og blir det nok ei stund enno. Eg veit ikkje kva tid vi skal by folk på besøk, men det kjem nok.

Vi er godt igong med treningane på Hødd. Kvaliteten har vore god, så vi er brukbart i rute. Stallen treng å bli komplimert med 2-3 spelarar og det blir det jobba med. Prøvespelarar har vore innom, men vi skreiv ikkje kontrakt med nokon av dei. Per no er det mest ein midtstoppar vi arbeider med. Landslagskapteinenen til Færøyane, Frodi Benjaminsen var val val nummer 1 og vi har lagt inn 2 bod på han som vart avslått av klubben hans HB. Ifølge Rógvi var han særs skuffa over at dette ikkje vart noko av. No håper vi mest på Jonas Johansen, som ønskjer seg vekk frå Haugesund grunna lite speletid der på slutten av forrige sesong. Han er ein ung og talentfull stoppar som også veit kvar målet står. Tromsøguten var aktuell for gresk fotball, men ingenting kom i stand der før det internasjonale overgongsvinduet stengte natt til idag. No står det mellom oss og ein annan Adeccoklubb, etter slik eg har skjøna det.

Tremenningen til Rógvi, Kristoffur Jacobsen er også på veg. Forhåpentlegvis kjem han på treningsopphald allereie neste veke, men ingenting er avgjort enno her. Vi håper dette skal løyse seg i løpet av helga, og både vi og klubben hans KÍ Klaksvik ønskjer å få til dette. Kristoffur er ein offensiv spelar som kan spele over heile midtbaneleddet og sist haust vart han kåra til banens beste då Færøyane U21 tapte 1-0 mot Italia. Det skulle borge for at dette er ein lovande spelar og i tillegg har Lars Petter snakka varmt om han sidan han såg han i kamp sist sommar.

Dette er dei to spelarane som er mest aktuelle og kan styrkje laget. Ingenting er klart, men vi håper dette kan løyse seg rimelig kjapt og at vi ikkje minst får napp. I tillegg har Kristoffer Tollås blitt nemnt siste dagane...