torsdag 20. desember 2007

Ei god jul!!

Juletida nærmar seg etter ei adventstid der the Winter wonderland har latt vente på seg. Dei som kjenne meg veit at desse siste dagane reint vermessig er bortimot det perfekt juleveret for min del.

Eg kan no melde at julegåvene er innkjøpte og eg er ferdige med alle tidleg. Deilig! Dette året har eg gjeve etter for presset, så onkelungar over 20 år får ikkje julegåver i år. Same kor snille dokke er! :)

Rógvi Jacobsen!!! Julegåva frå Hødd til alle Høddarar i år! Eg kan ikkje skildre kor godt det er få denne overgongen i boks etter alt arbeidet som har blitt gjort siste halvåret. Eg er overtydd om at spelaren kjem til å setje sitt preg på Hødd og Adeccoligaen 2008. Det kriblar i heile kroppen berre med tanken på Rógvi og Joa på topp! Namnet uttalast "Råchve" forresten. Det er tydleg at han ikkje er like oppteken av draktnummer som enkelte andre fotballspelarar sidan han på landslaget spelar med nr. 6 og var nr. 23 på HB Torshavn, medan han i Hødd arvar drakta til Mr. Hødd - André Nevstad. Rógvi Jacobsen, Hødds nye nr. 10! Eg har også høyrt at Blåsarane er i dialog om innkjøp av landslagstrøya til Rógvi, så den kan nok dukke opp i Blåsarbua etterkvart. Det berre må bli ein vinnar!

Vemund Brekke Skard var den første signeringa til Hødd før comebacksesongen i Adecco. Han er ein defensiv midtbanemann med god erfaring trass i ung alder. Med han på plass skjerpar det konkurransen i laget og vi reknar med fleire spelarar vil heve seg. Han blir ein viktig mann for Hødd i 2008.

Hødd har også forhåpentlegvis styrka seg på trenarsida. Einar Magne Skeide og Lars Arne Nilsen (tidlegare trent både Volda og Ørsta) vil vere ansvarlege for rekruttgruppa og lede 3. divisjons- og juniorlaget i 2008. Same dag som Rogvi signerte for klubben, så signerte også Lars Petter og eg nye avtalar med Hødd. Tilfeldigvis... :) Vi skal begge gå inn i 50% stillingar når det nye året og den nye sesongen tek til. Våre avtalar går ikke berre på jobb rundt A-laget, men vi skal også engasjere oss på alderbestemt nivå i klubben, vere med på kretslagsaktivitet klubben har ansvaret for og ikkje minst skal vi vere aktive ut mot nabo- og samarbeidsklubbane. Dette er noko vi begge ser fram til med spaning. Vi gler oss!
Ein kunne lese i Sumpen siste veke at Kim Deinoff vart vraka av Hødd. Etter mitt syn er det noko dramatisk å kalle det vraka ettersom Kim si kontrakt no var ute, og ønska ei betydeleg betre kontrakt slik eg har skjøna det. Men det Hødd gjer er å satse på sine egne unge lovande talent. Hødd skal vere ein klubb som avlar dei fleste av sine A-spelarar sjølve. Og keeperane våre er mellom absolutt dei mest lovande spelarar med fleire aldersbestemte landskampar. Om ikkje dei yngre spelarane med landskampar er vurderte slik at dei skal satsast på, kva då med dei uten kampar på Norge aldersbestemt?! Det blir spanande å sjå utviklinga utover sesongen og med meir erfaring vil desse to karane ta nye steg. Dei har mange gode og spanande ferdigheiter, men treng no å samle seg meir erfaring på godt nivå. Eg har i løpet av siste tida fått fleire sms'ar frå folk som støtter valet vi har gjort, så eg takkar for dei. Elles håpar eg også at Blåsar-leiaren tek poenget og heilskapen etterkvart når den første skuffelsen har lagt seg der i garden! For øvrig må Hødd som klubb forvalte sine midlar godt og søkje å dekke behovet ein har så godt som råd. Vi er ikkje Real Madrid, Rosenborg eller Ålesund i så måte. Men det er vel supporterane sine rettar og ønske seg spelarar i den hylla dei vel til ei kvar tid uten å måtte tenkje kostnandar, kvalitet, kort- eller langsiktigheit kanskje?

Høyrde eg Brann og Håkon Opdal ein eller anna stad?

Caroline og eg hadde håpa å flytte inn i nye leiligheita før jul. No ser det ut til vi taper den kampen og at det blir rett over på nyåret i staden. Det står vi av, får no så gledar vi oss berre til julefeiring saman med Norah, familie, gode vennar og andre. Og fredag er det engelsk julemiddag hos Neil! :)

tysdag 4. desember 2007

Eit Hødd i rivande utvikling

Det er spanande tider på Høddvoll! Men eg vil påstå at mange ikkje ser eller har forståing for denne utviklinga og kva det tyder for den sportslege satsinga til klubben, men det siste året har klubben teke mange små steg i rett retning.

Hovudtrenar. Ein kan seie at utviklinga starta med nedrykket frå Adeccoligaen og den påfølgjande sjølvransakinga etterpå. Klubben innsåg at om ein skulle ha sjansar til å henge med i utviklinga i norsk toppfotball måtte ein gjere grep, også sportsleg. Hødd har ein god administrasjon som har blitt bygd ut dei seinare åra, som også nok hadde hatt behov for å blitt bygd vidare ut når ein ser det trøkket dei har på loftet. Sture Fladmark var tilsett som heiltidstrenar. Eit kupp for klubben å få han. Ein trenar som hadde vore aktuell for fleire klubbar, også i Tippeligaen ved fleire høve valde Høddvoll som sin arena. Eit steg i rett retning.

Å nå sine mål. 2007-sesongen enda med opprykk på direkten tilbake til Adeccoligaen. Ein ikkje sjølvsagt ting! Motstandarane våre spelte som regel sin cupfinale for året mot oss. Alle veit at eit lag som rykka ned sesongen før er ein ekstra skalp i beltet for dei nye divisjonsmotstandarane. Særskilt på Høddvoll såg vi mange lag som la seg bakpå og ville gjere det vanskeleg for oss. Når ein tek med mange skader i løpet av sesongen på nøkkelspelarar (Kan nemne mellom anna Eid, Hoseth, Sandal og Magnussen), så seier det noko om utfordringane vi møtte og løyste. Men vi rykka opp. Eit steg i rett retning.

Spelarstallen. Mange har vore kritiske til alle dei spelarane vi har hatt på lån siste sesongane. Der og då har det vore naudsynt for å få ein god nok stall til å kunne konkurrere. I 2007 lånte vi Thomas Pedersen og Paolo dos Santos. Særskilt Paolo var med å bidra sterkt til opprykk medan Thomas vart uheldig med skader og sjukdom då sesongen drog seg til mot slutten. Vi har altså hatt ferre spelarar på lån. Klubben satsar meir på til dels eigne spelarar (men enkelte haldningar vil nok dette aldri bli godt nok) og spelar som vart permenente Høddspelarar. Dette er ei klar haldning frå dei sportslege ansvarlege at dette er ei utvikling som skal etterstrebast. Eit steg i rett retning.

Trenarar. No etter sesongen har ein på Høddvollhuset arbeida hardt med å få på plass fleire trenarar i stillingar tilknytta Hødd Fotball. Sture har vore og er heiltidstilsett og Einar Magne har vore 50% tilsett som spelarutviklar. Framføre sesongen 2008 har Lars Petter og eg blitt bodne 50% stillingar i klubben også. Dette kjem vi nok til å takke ja til. Samstundes jobbar ein med noko for trenarane i rekruttgruppa også. Ein skulle sjølvsagt ønskje at fleire trenarar på aldersbestemte lag vert tilsette i deltidsstillingar i klubben, men ein må vere blind for ikkje å sjå eller skjøne at klubben no tek grep for å betre den sportslege satsinga. Eit stort steg i rett retning.

Kontrakter. Siste åra har Hødd mista spelarar til andre klubbar for lite eller ingenting. Hødd er ein spelarutvklingsklubb og er avhengig av å utvikle dei fleste av spelarane sine. Men ein må sjølvsagt i ei kynisk bransje syte for at ein sit att med noko når ein spelar vil reise vidare til ein annan klubb. Både for Hødd sin del, men også for at samarbeidsklubbane i distriktet rundt Ulsteinvik som leverer talenta til Hødd, skal få sin del av kaka. Av dei unge og lovande spelarane på A-laget er nok Joa Magnussen, Ørjan Nyland og Vebjørn Skeide av dei som er mest aktuelle for andre klubbar. Og dei har langtidskontrakter med Hødd. Eit godt steg i rett retning.

Stadion. Planar om ny stadion er presenterte. For Hødd som klubb vil det vere eit massivt løft å få på plass ei ny storstue med alt det vil medføre. Blandar ein dette saman med resten av fotballkulturen på Høddvoll har klubben gode føresetnader for å fortsatt konkurrere i norsk toppfotball. Ein kan sjå på hodd.no at ein planlegg å ha finansieringa av ny stadion på plass i løpet av desember. Greier ein dette er det den beste julegåve ein Høddar kan få! Og ny stadion er ei kjempesteg i rett retning.

Det er elles mykje ein må jobbe med for å utvikle klubben vidare. Men ser på mellom anna dei bitane eg har nemnd over så må dei fleste vere einige at klubben har tatt grep. Så spørs det om dette er nok, for å utvikle klubben og til og med for å overleve. Vi må hugse på at det blir satsa også andre stadar i landet og budsjettmessig er klubben framleis ikkje mellom dei som satsar mest. Men vi trur sjølve at vi skal gjere det godt ut frå dei føringane vi har, så får vi sjå om det er godt nok. Time vil sjå...