fredag 16. januar 2009

Godt nytt år!!!

Nytt år og nye muligheiter, heitest det. Tida for nyttårsforsett eller -fortsett som eg sa ifjor :)

Nytta i allefall muligheitene for eit comeback som bloggar - og det er fotball som har inspirert meg! Hødd hadde eit fantastisk juniorlag i fjor og ser ut som det blir eit godt lag også i 2009. Klubben tørr endeleg satse på å hente dei beste spelarane i distriktet som "alle" andre "toppklubbar" i landet gjer og det ser ut som her er minst like gode spelarar som i andre delar av landet. Under Color Line cup i Ålesund hospiterer Daniel Jøsok Kvalsvik frå Bergsøy og Ørjan Engen Grimstad, Ruben-Kenneth Brandal og Christian Mork frå Hareid. Og desse ser ut til å bli Høddspelarar denne sesongen og dermed har Hødd igjen eit kanonlag på juniorsida. No kjem Hødd stort sett kun til å toppe laget under NM (om dei kvalifiserer seg) og muligens under kampane mot AaFK, om ikkje anna for å setje skapet på plass som vanleg! Skal ein døme etter spelet dei første to kampane under CLC, så må det blir ein god sesong og cupeventyr denne sesongen også. Mellom anna Branntrenarane hevdar det er eit lag som har imponert i turneringa: Hødd. Well, no kan dette vere "mind games" sidan Hødd møter akkurat Brann imorgon, men uansett kjekt å høyre.

Igår spelte dei 0-0 mot Vålerenga med 4 landslagsspelarar og det var kjekt å sjå misnøgde Høddgutar etter uavgjort mot eit av landets beste juniorlag. Og rett skal vere rett, Oslogutane vart feia av bana av våre Blåe heltar. Eg håper landslaga er representerte i Ålesund under turneringa og er der det - eller uansett, så prøver eg meg som spåmann: 4 Høddspelarar kan bli landslagsaktuelle om dei klarer å setje sitt preg på morgondagens kamp som dei to foregåande. Midtstopparduoen Anders Gaustad (fødd 1991) og Ørjan Engen Grimstad (f. 1990), indreløparen Eirik Heltne (f. 1992) og venstrevingen Thomas Aure (f. 1991) som har vore Hødd sin beste spelar sett over to kampar.
Men det er lettast å køyre rundt på Austlandet å sjå kampar og spelarar, der er nok fleire å ta av også - men alle dei beste? Neppe!

Nei, det gror godt i Høddleiren og håper A-laget kan kjempe om opprykk. For dei Høddsupporterane som klarer å vere noko nyanserte, tenkje langsiktig og sjå og nyte Høddtalenta i kamp blir det ein flott sesong!

Lukke til!