torsdag 20. desember 2007

Ei god jul!!

Juletida nærmar seg etter ei adventstid der the Winter wonderland har latt vente på seg. Dei som kjenne meg veit at desse siste dagane reint vermessig er bortimot det perfekt juleveret for min del.

Eg kan no melde at julegåvene er innkjøpte og eg er ferdige med alle tidleg. Deilig! Dette året har eg gjeve etter for presset, så onkelungar over 20 år får ikkje julegåver i år. Same kor snille dokke er! :)

Rógvi Jacobsen!!! Julegåva frå Hødd til alle Høddarar i år! Eg kan ikkje skildre kor godt det er få denne overgongen i boks etter alt arbeidet som har blitt gjort siste halvåret. Eg er overtydd om at spelaren kjem til å setje sitt preg på Hødd og Adeccoligaen 2008. Det kriblar i heile kroppen berre med tanken på Rógvi og Joa på topp! Namnet uttalast "Råchve" forresten. Det er tydleg at han ikkje er like oppteken av draktnummer som enkelte andre fotballspelarar sidan han på landslaget spelar med nr. 6 og var nr. 23 på HB Torshavn, medan han i Hødd arvar drakta til Mr. Hødd - André Nevstad. Rógvi Jacobsen, Hødds nye nr. 10! Eg har også høyrt at Blåsarane er i dialog om innkjøp av landslagstrøya til Rógvi, så den kan nok dukke opp i Blåsarbua etterkvart. Det berre må bli ein vinnar!

Vemund Brekke Skard var den første signeringa til Hødd før comebacksesongen i Adecco. Han er ein defensiv midtbanemann med god erfaring trass i ung alder. Med han på plass skjerpar det konkurransen i laget og vi reknar med fleire spelarar vil heve seg. Han blir ein viktig mann for Hødd i 2008.

Hødd har også forhåpentlegvis styrka seg på trenarsida. Einar Magne Skeide og Lars Arne Nilsen (tidlegare trent både Volda og Ørsta) vil vere ansvarlege for rekruttgruppa og lede 3. divisjons- og juniorlaget i 2008. Same dag som Rogvi signerte for klubben, så signerte også Lars Petter og eg nye avtalar med Hødd. Tilfeldigvis... :) Vi skal begge gå inn i 50% stillingar når det nye året og den nye sesongen tek til. Våre avtalar går ikke berre på jobb rundt A-laget, men vi skal også engasjere oss på alderbestemt nivå i klubben, vere med på kretslagsaktivitet klubben har ansvaret for og ikkje minst skal vi vere aktive ut mot nabo- og samarbeidsklubbane. Dette er noko vi begge ser fram til med spaning. Vi gler oss!
Ein kunne lese i Sumpen siste veke at Kim Deinoff vart vraka av Hødd. Etter mitt syn er det noko dramatisk å kalle det vraka ettersom Kim si kontrakt no var ute, og ønska ei betydeleg betre kontrakt slik eg har skjøna det. Men det Hødd gjer er å satse på sine egne unge lovande talent. Hødd skal vere ein klubb som avlar dei fleste av sine A-spelarar sjølve. Og keeperane våre er mellom absolutt dei mest lovande spelarar med fleire aldersbestemte landskampar. Om ikkje dei yngre spelarane med landskampar er vurderte slik at dei skal satsast på, kva då med dei uten kampar på Norge aldersbestemt?! Det blir spanande å sjå utviklinga utover sesongen og med meir erfaring vil desse to karane ta nye steg. Dei har mange gode og spanande ferdigheiter, men treng no å samle seg meir erfaring på godt nivå. Eg har i løpet av siste tida fått fleire sms'ar frå folk som støtter valet vi har gjort, så eg takkar for dei. Elles håpar eg også at Blåsar-leiaren tek poenget og heilskapen etterkvart når den første skuffelsen har lagt seg der i garden! For øvrig må Hødd som klubb forvalte sine midlar godt og søkje å dekke behovet ein har så godt som råd. Vi er ikkje Real Madrid, Rosenborg eller Ålesund i så måte. Men det er vel supporterane sine rettar og ønske seg spelarar i den hylla dei vel til ei kvar tid uten å måtte tenkje kostnandar, kvalitet, kort- eller langsiktigheit kanskje?

Høyrde eg Brann og Håkon Opdal ein eller anna stad?

Caroline og eg hadde håpa å flytte inn i nye leiligheita før jul. No ser det ut til vi taper den kampen og at det blir rett over på nyåret i staden. Det står vi av, får no så gledar vi oss berre til julefeiring saman med Norah, familie, gode vennar og andre. Og fredag er det engelsk julemiddag hos Neil! :)

tysdag 4. desember 2007

Eit Hødd i rivande utvikling

Det er spanande tider på Høddvoll! Men eg vil påstå at mange ikkje ser eller har forståing for denne utviklinga og kva det tyder for den sportslege satsinga til klubben, men det siste året har klubben teke mange små steg i rett retning.

Hovudtrenar. Ein kan seie at utviklinga starta med nedrykket frå Adeccoligaen og den påfølgjande sjølvransakinga etterpå. Klubben innsåg at om ein skulle ha sjansar til å henge med i utviklinga i norsk toppfotball måtte ein gjere grep, også sportsleg. Hødd har ein god administrasjon som har blitt bygd ut dei seinare åra, som også nok hadde hatt behov for å blitt bygd vidare ut når ein ser det trøkket dei har på loftet. Sture Fladmark var tilsett som heiltidstrenar. Eit kupp for klubben å få han. Ein trenar som hadde vore aktuell for fleire klubbar, også i Tippeligaen ved fleire høve valde Høddvoll som sin arena. Eit steg i rett retning.

Å nå sine mål. 2007-sesongen enda med opprykk på direkten tilbake til Adeccoligaen. Ein ikkje sjølvsagt ting! Motstandarane våre spelte som regel sin cupfinale for året mot oss. Alle veit at eit lag som rykka ned sesongen før er ein ekstra skalp i beltet for dei nye divisjonsmotstandarane. Særskilt på Høddvoll såg vi mange lag som la seg bakpå og ville gjere det vanskeleg for oss. Når ein tek med mange skader i løpet av sesongen på nøkkelspelarar (Kan nemne mellom anna Eid, Hoseth, Sandal og Magnussen), så seier det noko om utfordringane vi møtte og løyste. Men vi rykka opp. Eit steg i rett retning.

Spelarstallen. Mange har vore kritiske til alle dei spelarane vi har hatt på lån siste sesongane. Der og då har det vore naudsynt for å få ein god nok stall til å kunne konkurrere. I 2007 lånte vi Thomas Pedersen og Paolo dos Santos. Særskilt Paolo var med å bidra sterkt til opprykk medan Thomas vart uheldig med skader og sjukdom då sesongen drog seg til mot slutten. Vi har altså hatt ferre spelarar på lån. Klubben satsar meir på til dels eigne spelarar (men enkelte haldningar vil nok dette aldri bli godt nok) og spelar som vart permenente Høddspelarar. Dette er ei klar haldning frå dei sportslege ansvarlege at dette er ei utvikling som skal etterstrebast. Eit steg i rett retning.

Trenarar. No etter sesongen har ein på Høddvollhuset arbeida hardt med å få på plass fleire trenarar i stillingar tilknytta Hødd Fotball. Sture har vore og er heiltidstilsett og Einar Magne har vore 50% tilsett som spelarutviklar. Framføre sesongen 2008 har Lars Petter og eg blitt bodne 50% stillingar i klubben også. Dette kjem vi nok til å takke ja til. Samstundes jobbar ein med noko for trenarane i rekruttgruppa også. Ein skulle sjølvsagt ønskje at fleire trenarar på aldersbestemte lag vert tilsette i deltidsstillingar i klubben, men ein må vere blind for ikkje å sjå eller skjøne at klubben no tek grep for å betre den sportslege satsinga. Eit stort steg i rett retning.

Kontrakter. Siste åra har Hødd mista spelarar til andre klubbar for lite eller ingenting. Hødd er ein spelarutvklingsklubb og er avhengig av å utvikle dei fleste av spelarane sine. Men ein må sjølvsagt i ei kynisk bransje syte for at ein sit att med noko når ein spelar vil reise vidare til ein annan klubb. Både for Hødd sin del, men også for at samarbeidsklubbane i distriktet rundt Ulsteinvik som leverer talenta til Hødd, skal få sin del av kaka. Av dei unge og lovande spelarane på A-laget er nok Joa Magnussen, Ørjan Nyland og Vebjørn Skeide av dei som er mest aktuelle for andre klubbar. Og dei har langtidskontrakter med Hødd. Eit godt steg i rett retning.

Stadion. Planar om ny stadion er presenterte. For Hødd som klubb vil det vere eit massivt løft å få på plass ei ny storstue med alt det vil medføre. Blandar ein dette saman med resten av fotballkulturen på Høddvoll har klubben gode føresetnader for å fortsatt konkurrere i norsk toppfotball. Ein kan sjå på hodd.no at ein planlegg å ha finansieringa av ny stadion på plass i løpet av desember. Greier ein dette er det den beste julegåve ein Høddar kan få! Og ny stadion er ei kjempesteg i rett retning.

Det er elles mykje ein må jobbe med for å utvikle klubben vidare. Men ser på mellom anna dei bitane eg har nemnd over så må dei fleste vere einige at klubben har tatt grep. Så spørs det om dette er nok, for å utvikle klubben og til og med for å overleve. Vi må hugse på at det blir satsa også andre stadar i landet og budsjettmessig er klubben framleis ikkje mellom dei som satsar mest. Men vi trur sjølve at vi skal gjere det godt ut frå dei føringane vi har, så får vi sjå om det er godt nok. Time vil sjå...

fredag 23. november 2007

Odim Stadion?

Hødd la tidlegare denne veka fram planar om ny stadion. Ein spenstig og utfordrande utvikling for ein liten, men stor klubb med små midlar. Eg har vore med å fått ei kort innføring på utsjånad og sett litt fleire bilder enn dei som har sirkulert i media. Der kan vi sjå at det er ope rom mellom langsidene og tribune på eine kortsida, desse hola skal midlertid tettast. Så det blir ein intim og flott stadion uten stolpar som sperrar for utsikta mot bana.

Kapasiteten på 5000 med muligheiter for utviding med ytterlegare 1000 høyrest også fornuftig ut. Det er viktig å vere jordnær nok til å sjå kor mykje av kapasiteten som blir nytta under kampane i den "sorte, grå hverdagen". Elles blir det spanande å sjå kvar dagens fraksjonar på Høddvoll vil gjere av seg på ein ny stadion. Blåsarane finn seg nok til rette, men kva med ekspertane på sitjetribuna...

Kva veg blir heimatt på nye bana blir også noko som må sette seg.

Høddvoll har siste sesongane vore velsigna med ei av dei beste naturgrasbanene i landet. Vil dette bli vidareført? Ei av årsakenetil at den har vore den beste bana, er styringa av aktiviteten på bana. Den har kun vore nytta til A-kampar og nokre få treningar i store trekk. Samstundes ser ein at der er ei rivande utvikling mht kunstgrasdekke, og kvar er vi her om ytterlegare 2 år? Er skilnaden mellom vanleg gras og kunstgras blitt enno mindre?
Dersom kunstgras som dekke blir valgt, så er det underforstått at fleire lag kan nytte bana til kamp og kanskje også trening. Samstundes kjem det nye generasjonar til som er meir vane med kunstgras enn naturgras. Dermed blir ikkje overgongen den same og like vanskeleg. Ein ting er sikkert, det er enno langt fram til dekke må bestemmast.

Stadionnamn - det har kome tydelege signal på at namnet skal seljast. Det rasar også ein debatt om dette på diskusjonsforumet på hodd.no. Det er klart at det er mange som kan knive om dette. Men som oversrkrifta tyder på, så er kanskje Odim min favoritt per no. Dei har vore ivrigast på å vere på lag i fleire samanhengar, men også dette lar nok vente på seg ei stund til. Rolls-Royce Arena er i allefall berre å gløyme. Hovudkontoret deira vil aldri gå inn for å nytte merkenamnet i ein slik samanheng. Då RR var draktsponsor for Hødd for nokre sesongar sidan, så skapte dette nok rabalder for dei nede på lokalkontoret. Så eg trur ikkje dei kastar seg på i kampen om stadionnamn.

Meiningane går også på om det skal heite stadion eller arena. Med UVS som nabo og kven veit kva leigetakarar som også kjem inn og kva samla kompetanse som blir samla på Høddvoll. Det liknar då meir på eit "Campus"! Dei alle fleste vil nok kalle ei spade for ei spade, eller i denne samanhengen Høddvoll for Høddvoll. Lurer på kva Arne Flatin, som aldri tek Aker Stadion i sin munn, planlegg ved kommentering frå Odim Campus?

Siste arbeidsveka denne sesongen

Vi trenar ut neste veke, veke 48. Deretter har spelarane desember månad fri og må skjøtte seg sjølv og forma på beste måte. Når vi skriv januar 2008 er det blodig alvor!
For at vi skal ha ein status så blir alle spelarane testa på løpskapasitet før dei dreg på ein månads fri. Vi nyttar 8-talstesten eller Tom Nordlie-testen, som andre kallar han. Eg veit ikkje om han er opphavsmannen eller ei, men...

Halve stallen har teke testen allereie, medan resten skal til pers på dagens trening. Vi kan vel konkludere med at det ikkje såg ille ut med forrige pulje, så for vi sjå om dagens dreg snittet opp eller ned. Måndag skal også gjengen testast på 40 meter. Andreas Sørgård Olsen, Andreas Sørgård Olsen, Andreas Sørgård Olsen...

Det nærmar seg også med å få støtteapparatet på plass. Lars Petter er meir eller mindre einig med klubben om ny avtale, der kun formalia gjenstår. For min eigen del har eg hatt møte nr. 2 med André og Harald, og dette ser positivt ut. Håper dette lar seg ordne. Eg ventar også på avtale nr. 2: Eg har hatt inneleiiande samtalar med Jarl Torske om jobb inn mot eit landslag. Det ser ut til at dette no blir J20-landslaget og eg ventar no på at ein del info og avtaleutkast skal kome i posten. Dette landslaget skal vere med på ein del spanandes tiltak i 2008 mellom anna spel i ei 4-nasjonersturnering i Chile i februar. Her spelar vi mot vertsnasjonen, USA og mest sannsynelg New Zealand. Til sommaren blir det ein kamp mot Tyskland, mykje kampar mot zhe Germanzz på jentesida. Høgdepunktet for laget vil nok bli VM i november 2008. Dette meisterskapet er eg derimot usikker på om eg skal vere med på.

Ellers; ny stadion. Fantastisk! Det skjer ting, folkens! Meir om det seinare...

måndag 19. november 2007

Inne-KM i Herøyhallen

I etterkant av tapet mot L/G igår vart eg som lagleiar for Hødd utsett for rimelig hard kritikk på Hødd sine vegne. Årsaka var "arrogansen" vi viste med å stille eit "dårleg" lag og ikkje sjå verdien av å promotere oss sjølve i nærmiljøet. Det siste er eit okay argument det, men vi trenarane er redde for skader i slike turneringar. Sjølv om det som regel går bra, ser det dumt ut når uhellet er ute og ein spelar til dømes mister 2 månader med oppkøyring. Her kjem lista over kvifor enkelte ikkje var med.

1. Ørjan Nyland - strekkskade på treninga fredag.
2. Kjetil Paulsen - var med.
3. Oddbjørn Lie - hadde fått fri pga planlagde ting på privaten for lenge sidan.
4. Sindre Eid - Landskamp i Oslo i samband med jobben.
5. Fredrik Klock - spelar med oppbygd sko, har ikkje innetype av slike. Skal også opererast.
6. Paolo dos Santos - på ferie.
7. Erik Sandal - nettopp tilbake frå skade.
8. Helge Edinsen - skade i lår.
9. Oddmund Vaagsholm - lagt opp, og sjå 4.
10. Andre Nevstad - på ferie.
11. Thomas Pedersen - skadd.
12. Kim Deinoff - pappapermisjon.
13. Mads A. Værnes - skada.
14. Anders Vaagen - småskada, tåler ikkje belastning av hardt dekke.
15. Jon Erik Ertesvåg - vekke på helgetur.
16. Andreas Sørgård Olsen - kunne blitt med, men vi prioriterte juniortrening til Inne-KM for jr.
17. Eivind M. Myklebust - skulle vere med, men vart sjuk. Spelte likevel mot L/G! Bra mann!
18. Joa Magnussen - akkurat byrja litt lett trening med ball.
19. Patrick Undli - var med.
20. Vegard Holand - har vore sjuk og skada lenge.
21. Finn Erik Stavseng - sjå 3.
22. Eirik Hoseth - skada.
23. Vebjørn Skeide - i samråd vart vi eininge om at han ikkje skulle risikere noko grunna den alvorlege bandskada han fekk sist vinter. I tillegg hadde han føling med denne skada tidlegare i veka.

Nokre kunne blitt med, men alt i alt vart vi einige om at vi skulle ta dette som ei trening for juniorane til seinare Inne-KM. Eivind Michael fekk "krangla seg" med sidan han er førsteårssenior. Han var sjuk, men stilte opp ut på dagen likevel. Lojalt gjort å ville prøve, Eivind!

Sterkaste kritikaren var forøvrig ein herverande redaktør og lokal fotballegende, som også fekk lufta sine øvrige minus Hødd har på lista hans...

torsdag 8. november 2007

No skiljast våre vegar...

"Alt har ein ende og pylsa har to" plar Ingebjørn R. seie. Eg står no ved eit vegskilje, der dei næraste dagane vil vise kva eg skal vie tida mi til dei komande åra. Avtalen min med Hødd går ut og må eventuelt fornyast. Satsinga på fotball på toppnivå tek no so mykje tid og ressursar at det ikkje lenger er mogleg å kombinere med rektoryrket. Eit av desse må altså vike...

Eg har vore i møte med Høddleiinga og har her fått vite at eg er ønska med vidare. Skal eg vere ærleg så ønsker eg sjølv også å satse på fotball. Men som nemnt kan eg ikkje lenger kombinere dette med å vere rektor på Kvalsvik skule og også ha eit sunt familieliv. Familien kjem alltid først, det er det ingen tvil om. Og eg har vore heldig (og kanskje Hødd også) dette året som har fått lov å drive med det eg likar best. Takk, Caroline og Norah!

To scenario framover, der eg kjem til å lande på det eine. Eg sluttar eller trappar kraftig ned med fotballen er det eine. Det andre alternativet er at eg sluttar eller søkjer permisjon frå stillinga som rektor.

Det mest nærliggande er at Hødd syr saman ein pakke som gjer at eg kan fortsette som trenar rundt A-laget eller at ein annan klubb kjem på bana med eit tilbod. Med det eg veit no er andre klubbar mindre aktuelt. Aller helst ønskjer eg å drive med fotball på heiltid (eller tilnærma). Eg har siste åra satsa mykje og ofra så å seie all fritid på å utvikle keeperar og ikkje minst meg sjølv som trenar. Eg har lært mykje av medtrenarar og spelarar eg har jobba med, og meinar sjølv eg har opparbeida meg ei god kompetanse der eg veit kva som må til for å få fram spelarar på høgt nivå. Eg har også (seinast igår) fått vite at eg no blir sterkt vurdert inn mot landslag. Hadde eg fått arbeide i eit trenarteam der, så ser eg på det som ein god arena til for vidareutvikling. Eg håper dette også ordnar seg.

Det kan vere eit tankekors at medan eg i årevis har arbeida for å utvikle meg best mogleg som trenar, så må eg slutte i Hødd medan eg byrjar på eit landslagsengasjement! Men ting kan ordne seg med Hødd eller ein annan klubb, men eg må innrømme at eg per dato ikkje har den beste trua på det.

Eg kjenner eg har lite tolmod på å få orden på desse tinga! Eg ønskjer at ei avklaring kjem snarast råd - det er det beste for sjeleroa mi og også for dei andre partane, der Hødd eller Herøy kommune kan arbeide med å finne ein erstattar. Det vil også vere det beste for meg sjølv, så eg får sortert tankane og byrje fokusere på framtida.

onsdag 7. november 2007

The best midfield in the world

Eg har full forståing for at Rosenborg stel alle overskrifter i norske aviser idag. Dei gjorde ein kjempejobb på Mestalla og faktisk rundspelte Valencia! I allefall etter dei highlights om eg har sett frå kampen. Kjekt for vår 17-årige keeper Ørjan Nyland, som er med Rosenborg denne drøye veka også. Han fekk oppleve dette frå orkesterplass og kan også skryte av å ha trent på Mestalla. Ikkje verst for ein ung volding.. :)

Eg såg ikkje Rosenborg-kampen. Eg har ei krystallklar prioritering; Hødd første og deretter the Mighty Reds of Anfield. Eg valde nok rett! 8-0 i ein Champions League kamp, ja i kva kamp som helst lar seg høyre. Og etter ein trøbblete start så sette dei skapet på plass. Deilig! Men det er litt jobb igjen før vi er der vi skal vere - vi får sjå fram mot jul, og telje opp då (typisk fotballfloskel):

Som Liverpooltilhengar er ein først og fremst supporter. Sjølv om trenarutdanna er det først og fremst kjenslene, entusiasmen for laget og ikkje meir eller mindre djupe analyser. Eg meiner at Liverpoolfans er dei beste i verda, uten tvil. Ingen over. Ingen ved sida!
Det er særskilt synginga og variasjonen i utvalet av songar som er imponerande blanda med eit godt trøkk på "an European night" spesielt. Alle kjenner til YNWA, You'll Never Walk Alone. Heilag hymne for alle raude. Den er også nytta av Celtic og Borussia Dortmund-fans, men faktisk var det Sunderland sine tilhengjar som song den først på 60-talet. Eit lite innspel i framtidige quizzar der.. :)

Andre songar som er kjende og kjære på Anfield er Fields of Anfield Road, ein av mine personelege favorittar. Mange spelarar har eigne songar som er klassiske; Stevie G. har eit 2-3 og Carra har fantastiske We all dream of a team of Carraghers til tonar av Yellow Submarine. Etter bragden i Istanbul har det kome nokre nye, mest kjend er nok We won it 5 times som Brannsupporterane har adoptert til Gullet skal hem i år. Mykje bra.

Ein av dei nye som har slått best an, og også hos meg er We got the best midfield in the world. Og den skal eg leggje med som video her. Du ser ein lang rekka Liverpoolsupporterar på ein bar som syng og dansar gjennom lokalet. Teksten er om lag slik: "oh, oh, oooh.. we got the best midfield in the world. We got Xabi Alonso, Momo Sissoko, Gerrars and Mascheranoooo. Oh, oh, oooh..." osv... Fantastisk! En ny Kop Classic som du kunne høyre gjennom heile kampen igår, eg trur det var den som vart mest sungen.

http://www.youtube.com/watch?v=QBYyKegNWBk

tysdag 6. november 2007

Ronny skal hem

På bloggen igår så kom eg med ei orsaking for at det hadde blitt for mykje fotballrelatert stoff på denne bloggen. Idag skal eg derfor slå til med ei anna sak. Men det blir nok mest fotball framover også!

Skreiv tidlegare om gullet som kom "hem" til Bergen. Etter inspirasjon derfrå skal eg skrive litt om den komande flyttesjauen vår. Vi har sidan sommaren 2006 bodd i Toftestøda. Til glede for nokre få kanskje, men også til irritasjon. Det er fleire Ulsteinvikarar som har sagt at "det e nåke steikje gale med atte du bor uti våjen!". Caroline og eg har kjøpt oss leiligheit heime i hovudstaden, og vi reknar no med at vi flyttar tilbake til Ulsteinvik før jul. Det gler vi oss kjempemykje til!

Vi har gjort alle førebuingar og tinga alt frå bad, innreiingar og fliser. Caroline har vore dagleg leiar og gjort ein kjempejobb! Så det borgar for ei skikkeleg kvalitetssikring. Bein i nasa har ho også, ho har ikkje late Byggherre Lindor sine føringar stoppe henne. Derfor har vi nokre detaljar i vårt husveret som ingen andre i bygget har, trur eg. Godt jobba, kjære!

I veke 48, siste veka i november blir kjøkeninnreiinga montert og det betyr at det byrjar nærme seg. Og det skal bli svært flytte inn til sitt eige, og ikkje minst kome nærare familie (for min del i allefall) og vennar (ja, det gjeld oss begge!). Det var ei lita oppdatering, så får dokke nærmaste vente på info etterkvart. Kanskje det vankar ein invitasjon også, spelekveld og vin. Kjekt!

Ronny skal heim, Ronny skal heeeeeeeeeeeim. Heim til Ulstein, Ronny skal heim. :)

måndag 5. november 2007

An Unsung Hero

Denne bloggen har blitt ein fotballblogg! Det var egentleg ikkje intensjonen, så eg må orsake det. Til dei som synest det er heilt greit, enjoy it! :)

I fotballsamanheng blir termen "Unsung hero" nytta om spelarar som gjer ein solid jobb uten å stele dei store overskriftene. Dei er lojale og ein skikkeleg lagspelar, samstundes som dei presterer på jamnt høgt nivå. Kvar uttrykket kjem frå veit eg ikkje, kanskje nokon kan opplyse om dette.

Hjå våre raude vennar frå Anfield er det Steve Finnan som oftast får dette "stempelet". Stel aldri overskrifter han heller, men er fast på laget til Benitez og sikkert også mellom supporterar som i tide og utide sett opp sitt lagforslag.

Hjå våre blå vennar frå Høddvoll har vi også ein høgre back som lever opp til denne karakteristikken. Mads-André Værnes har gjort ein kjempesesong og var nominert til årets spelar. Veit i allefall at døtra mi stemde på han! :) All ære til Super-Mads, men kvar har banneret teke vegen? Etterlysing, etterlysning, etterlysning!

Vi har ein unsung hero i trenarapparatet også. Sture får mykje merksemd som hovudtrenar som seg hør og bør. Han har gjort ein kjempejobb i år, og vi som har arbeida tett med han har lært mykje. Sjølv har eg fått ein del "kred" også. Har vore så heldig å få jobbe med gode keeperar. Med spelarar som Kim, Vebjørn, Erika, Ørjan og Øystein har jobben vore enkel. Men takk til alle for skryt og andre vennlege ord.

Trenarapparatet sin Unsung Hero er Lars Petter Rønnestad. Han kom til oss frå Brann, der han arbeida med aldersbestemte lag. Han er ein knakandes kjekk kar, som det har vore supert å arbeide med denne sesongen. Det er ikkje få telefonar Lars og eg har hatt denne sesongen. Heldigvis er han også Chesskunde og eg har Chess Friends, så eg ringer gratis til alle andre Chess-abonnement! Trur eg med handa på hjertet kan seie at dette trenarteamet er det beste eg har vore med i. Eg har vore i fleire gode trenarteam både i Hødd og krets, men årets Høddteam er det beste. Både fagleg, og ikkje minst sosialt. Sture let også vel over samarbeidet, så ein liten suksessfaktor i opprykkssesongen har det vel vore. Sjølv om Lars Petter kjem frå Moltustranda har han vore i utlandet lenge, Bergen er eige land er det ikkje så...
Han kom til oss med nye og andre impulsar og dette har Hødd som klubb nytt godt av. Ikkje berre på bana, men Lars har også gjort slik at vi tenkjer litt annaleis også utanfor bana. Til dømes er han dyktig på dette med statestikkar. Han fører statestikkar og har analyser på fleire delar av spelet vårt. Verken Sture eller eg er vel dei beste på slike ting, for å seie det mildt! Derfor har Luton kome inn med litt andre idear og vinklingar som vi har drege god nytte av. Komplimentere ferdigheiter var det ikkje det Drillo snakka om...
Viktig er det i allefall å ha fleire tilnærmingar på ting. Då har ein fleire bein å stå på, og og ikkje minst kan ein argumentere sterkare i ulike saker.

Færøyane: Det har kome fram at Hødd har blitt interesserte i denne marknaden i ulike samanhengar. Klubben har sjekka ut mellom anna spelarar her. Ingenting konkret har skjedd, men i alle høve kan eg seie at dette er Lars sin baby. Det var han som lanserte idéen og som konsekvens var han saman med Sture over og såg nokre kampar i sommar. Men eg kan avsløre at Lars har også kontakter i andre marknader, men eg spelar berre ut eit kort i slengen så det får vi kome attende til.

I alle høve ville eg vise og konkretisere at Lars ikkje er ein anonym andrefiolin, men også gi døme på at han har fleire strengar å spele på. Eg kan vitne på at Lars har arbeida hardt for klubben denne sesongen i tillegg til 100% jobb ved sidan av, og han har levert varene like a true (unsung) hero!

tysdag 23. oktober 2007

En dag skal det skje - måndag 22. oktober 2007

Merk datoen! Brann vart norsk seriemester i fotball for første gong på sidan 1963. 44 års venting er over. Eg unner Brann og Bergen seriemesterskapet; laget, folket og ikkje minst trenar Mons Ivar Mjelde.

Mål-Mons (Seriemester-Mons?!?) har levert varen til dei grader under det mest pressa forhold ein har i norsk fotball og det står det massiv respekt av. Han fortener all mulig ære. Andre som ærast bør er leiarane i Brann som har gjeve han tillitt til å bygget laget over tid og fleire sesongar. Mons har vore under press ved fleire høve som hovudtrenar for Brann.

Eg minnast då vi i Hødd var saman med Brann på treningsleir på La Manga, og det var ei lita horde av norske pressefotografar som jakta på Mjelde mest etter kvar trening. Dette var under ei av dei mest pressa tidene som Branntrenar, men han stod rakrygga medan stormen varte.

Saman med Mjelde og keepertrenar Dan Riisnes som eg kjenner til vil eg også gi kreditt for å ha fostra fram "Norway's nr. 1". Håkon Opdahl er Norges landslagskeeper og spelar med 23 på ryggen. Han er ikkje einaste keeper i Norge som gjere det... Men ein keeperskal liksom han draktnummer 1.
Kredit for å hatt mot til å selje dåverande førstekeeper Ivar Rønningen og stått last og brast med Håkon Opdahl og gitt han grenselaus tillitt. Dei siste to sesongane har dette gjeve utbetaling i form av Tippeligaens beste keeper og landslagsplass for Opdahl. Kanskje fleire skulle hatt like mykje is i magen...

Men gratulerer med seriegullet til heile Bergen. "Der skulle vi ha vøre Ka'l!" :)

måndag 22. oktober 2007

SNILLE GUTTER VINNER LIKEVEL

Kim Deinoff
Mads André Værnes
Sindre Eid
Fredrik Klock
Oddbjørn Lie
Oddmund Vaagsholm
André Nevstad
Paolo dos Santos
Anders Vaagen
Helge Edinsen
Finn-Erik Stavseng
Vebjørn Skeide
Andreas Brune Rekdal
Andreas Kurseth
Andreas Sørgård Olsen
Ørjan Nyland
Jon ErikErtesvåg
Erik Sandal
Kjetil Paulsen
Thomas Pedersen
Geir Televik
Patrick Undli
Eivind M. Myklebust
Vegard Holand
Vegard Heltne
Eirik Hoseth
Jan Rune Teigen
Joachim Magnussen
John Vik
Sture Fladmark
Lars Petter Rønnestad
Harald Åsland Riise
Ulrik Wingsternes
Tom Vågen
Blåsarane
og underteikna...

Snille gutar som vann opprykk tilbake til Adecco 2008 i helga!

Fantastisk deilig!!!!

torsdag 18. oktober 2007

Vegen vidare?

Det nærmar seg sesongslutt og eg grugleder meg til det. Det skal verte kjekt med ein liten pust i bakken og betre tid saman med jentene mine. Men samstundes er fotball noko av det artigaste eg veit og eg kjem til å sakne å gå på treningane. Men ein ny sesong kjem raskt...

Med sesongslutt kjem også etterkvart spekulasjonane om ny spelarar hit og dit. Eg skal ikkje skrive noko om om kva spelarar som hadde vore kjekke å ha i ein Hødd første 11'ar sesongen 2008. Men heller om alternativ unge spelarar har. Her på Sunnmøre har ein to alternativ om ein vil satse på fotballen, Hødd eller åfk. Dei oransje har siste sesongane stadig auka innslaga av utenlandske spelarar og dei norske unge spelarane som har forsøkt seg har etterkvart hamna i Hødd. Gjørtz, Tollås, Lie, Pedersen med fleire har bytta ut den oransje med den fine blåe Høddtrøya og spelt sin beste fotball på Høddvoll. Dei har nytt tillit og fått speletid.

Åfk har meir pengar enn Hødd, mykje meir. Dei kan dermed lokke til seg unge som trur dei skal klare å bryte gjennom nålauget og bli den som klarer det dei ferraste har klart og spele seg inn på A-laget på CLS. Det er ungdommens privilegium å vere naiv. Og i tillegg er glam-faktoren større på CLS enn på Høddvoll med tett oppfølging av den lokale storavisa Sumpen og moglege landskampar som lokkar i det fjerne.

Ære vere den som vil forsøke, men eg vil hevde vegen til toppfotballen er kortare på Høddvoll enn på CLS. Hødd har ikkje midlar til å hente dei store namna og må i stor grad utvikle eigen spelarar. Når tida er inne får spelarane også flytte på seg til Tippeliga og siste åra har Moldskredane Morten og Lars Ivar saman med Ørsal og Magnus Myklebust flytta til tippeligafotball andre stadar i landet. LSK-legenda Arild Sundgot er også framleis still going strong og spelar for "fugla".

Reknestykket er enkelt. Er du ung og lovande fotballspelar på Sunnmøre eller omegn, og ønskjer å satse på idretten din bør valet vere enkelt. Kom til Hødd og gjer du jobben vil du få sjansen. Årets gjennombrotsmann Joachim Magnussen som miste siste del av sesongen med skadar er dømet på dette. Han vil nok kanskje vere neste mann ut som tek steget til Tippeligaen.

Men kom tidsnok. Den lokale 3. divisjon er ikkje så god som dekninga i Sumpen tilseier, men sjølv ein lokal ung spelar mest sannsynleg må tilbringe ein sesong eller to som fortsatt 3. divisjonspelar skal ein ikkje gråte for mykje. Treningsarenaen er også god i Hødd og gjer du jobben så får du som fortjent innhopp også med førstelaget. Eller er du ein Magnus Myklebust som kan gå rett frå lokale lavare divisjonar og rett i første 11'aren på Høddvoll?

Vi gler oss til det neste talentet som slår til! Det er mange som kan vere "den neste", men gjer du dei rette tinga? I klubbval, på treningsfeltet og i kampar?

måndag 20. august 2007

Snille gutter vinner ikke!

Endlig er Premier League sesongen igong. Det er like kjedeleg kvar gong ein sesong er over og for å sitere the great Bill Shankly, som ein gong var spurt kva han mislikte mest med fotball. "The period between seasons". Men no er morroa igong igjen!

Det small på Anfield igår, dei som trudde tidlegare på dag at det var på The City of Manchester Stadium det small høgast tok feil. Men respekt å melde vart dette berre ein kinaputt til samanlikning, røyk uten ild. Vi Kopites likar å ikkje høyre om bomber som smell på Anfield, det assosierast med tap. Ikkje denne gongen, sjølv om det kanskje er slik vi føler det.

Vi vart ROBbed in STYLES! For å vere engelsk i tabloiden. Dommar Rob Styles kom i fokus for alle dei feile årsakene. Gav bort det som nok for også nøytrale tilskodarar var tidenes billigaste straffespark, delte ut gule kort i hytt og pine og sågar til Essien. Moaninho har enno ikkje fått brillene sine, så han var nok den einaste som var samd med Styles. Men det høver til programerklaringa til den mannen, det er Chelsea mot resten av verda. Bu-hu..

Overskrifta har eg igjen lånt frå Åge Hareide. Den stammar frå tida då han var MFK-trenar. Fotball er eit spel for mannfolk seiest det - damene for ha meg unnskylt. Den diskusjonen er ein annan skål. For menn altså, ikkje gutar. I allefall ikkje på dette nivået. Forresten, kreditt til Micah Richards og Kasper Schmeichel. Unnkarar som gå foran i Man City som er på tabelltopp etter 3 runder og laget har heller ikkje blitt scora på enda. Carlos Tevez gremmar seg nok enno.

Liten digresjon der. I etterspelet av kampen vår mot Chelsea igår, så registrerer eg at våre gutter har kasta seg på bølgen med å prate med dommeren. Gløym diving og skodespel for etter mitt syn er det dette som er den største utfordringar til dommarane på toppnivå. I Premier League har vi sett det lenge. Dei laga som vinn tittelen ved sesongslutt har ikkje vunne den uten å ha vore flinke å påvirke dommarane. Det er min påstand! Kampane igjennom går dei å pratar med dommarane for å påvirke, i alle typer situasjonar, offensivt og defensivt om ein kan bruke dei termane i denne samanhengen. Eg er overtydd om at i løpet av ein kamp og ikkje minst ein heil sesong tener laga på dette. Dei får det frisparket, kortet på motstandaren, "sjå kor stygg han var der", "eg gjorde det ikkje med vilje", "det var min første forseelse" og ikkje minst lag får straffer dei ikkje skulle hatt som den vi såg igår. Mesterane er ikkje dei snillaste i klassen her. Vi har sett Arsenal med Tony Adams og Patrick Vieira i spissen, Man Utd hadde Roy Keane som sin general og siste sesongane har John Terry og Fat Frank Lampard teke stafettpinnen vidare for Chelsea. Fair play? Gløym det! Å vinner er alt, og snille gutter vinner ikke!

Etter mitt syn byrjar no Liverpool å få ein stall som kan konkurrere. Premier League er så tett og så jamn at det gjeld å ha marginane og flaksa på sin side gjennom ein lang og hard sesong. Derfor er dette virkemiddelet, å søkje å påvirke dommaren i kvar ein kamp kanskje det viktigaste for å vinne gullet. Stevie G. og Carra har til tider prøvd for oss i Liverpool, men dei har ikkje vore standhaftige nok! Kanskje vi såg ei endring igår her? Håper det, for gjer motstandarane det må våre spelarar også gjere det. Whatever it takes, heiter det i amerikanske idrett. Og banna bein!

Slik har fotballen blitt, ikkje gode omdømer for den oppveksande slekt dessverre. Og nett derfor er dette, å påverke dommarane verre enn skodespelarar på fotballbana. Topplaga har desse også, Ronaldo, Drogba, Robben og kanskje Torres også? Veit ikkje, vi får sjå. But whatever it takes, son. Whatever it takes. For som Bill Shankly også sa: "First is first, second is nowhere!"

Og med Shanks sine "visdomsord" i øyra: Eg har ikkje nemnt noko om trenarane si rolle i dette spelet...

fredag 3. august 2007

Oh Captain, my Captain

Walt Whitman skreiv diktet "Oh Captain! My Captain!" som ein hyllest til Abraham Lincoln. Seinare vart det nytta i kampen mot nazismen under andre verdskrigen. I det siste har Whitman sine dikt blitt nytta til nye songar og melodiar. Då høver det kanskje at eg tjuvlånar det også.

André Nevstad set ny klubbrekord for Hødd mot Strindheim med 669 kampar! Dermed går han forbi Otto Sundgot si uslåelege rekord som har stått sidan 1988 då André debuterte på A-laget. Det er ein enorm prestasjon André har oppnådd, og det seier mykje om mannen, fotballspelaren og legenda Nevstad. Det er ikkje ofte ein kan seie at ein aktiv idrettsutøvar er ei legende. Men i og med André no er nummer ein på adelskalendaren til Hødd er det ei høvande skildring i mine auge.

Ikkje minst seier det noko om lojalitet. I dagens fotball er det ikkje mange som blir i ein klubb gjennom ei heile karriere som aktiv spelar. Paolo Maldini er ein som skil seg ut på ypperste europeisk toppnivå. Det finns sikkert andre også. Steven Gerrard blir det i Liverpool. André har to sesongar i Molde FK, og fekk då med seg ein Noregsmeisterskap då MFK vann cup'en i '94. Av andre utmerkingar ragar prisen som beste spelar i Adeccoligaen i 2005 høgt. Her konkurrerte André ut spelarar som Doffen Hæstad og Fredrik Strømstad om denne heideren. Seinare landslagsspelarar, så det seier ein del. Fantastisk for André, men også viktig for Hødd som er litt utanfor alfarveg i norsk toppfotball.

André spelar aldri ein dårleg kamp. Med innsatsen sin leverer han alltid over par sjølv i kampar der ikkje alt går vegen for han. Eg vil påstå André er Noregsmeister i trening! Eg kan rett og slett ikkje sjå at nokon andre spelarar i Tippeligaen eller andre stadar trenar meir eller rettare enn André. Det er ikkje mogleg å ha fleire økter og eg trur ikkje nokon er meir disiplinerte heller. Eg har vore saman med André til dømes på La Manga der han har hatt 3 økter pr. dag. Alt er sjølvsagt intensitetsstyrt og med restitusjon når det er påkrevd. På vanlege dagar når vi andre dødlege er på veg til jobb, er mest sannsynleg André igong med si første økt. Seinare på dagen er det fellestrening, så to økter for dag er standard der i garden.

Mot Strindheim kan Hødd ikkje tape! Finnes det ein Gud så ordnar han siger, og ingen fortjener det meir enn André etter den karriera han har hatt for sin hjarte-klubb. André er sjølvskreven kaptein for Hødd. Han har vore det så lenge at ikkje eg hugsar når han fekk bandet første gong. André har alltid vore kaptein frå han var puttespelar. Nordmenn seiest å vere fødde med ski på beina (Eg er vel unntaket her!), men eg trur André må vere fødd med kapteinbindet rundt høgrearma! Kan nokon få bekrefta dette!? :) Kapteinstypen André er udiskutabel, naturleg leiartype som han er. Etter mitt syn er André kapteinenes kaptein! Hadde han spelt på lag med andre lagkapteinar er eg viss på trenaren hadde vald André som kaptein! I Hødd har vi Sindre, Eirik, Fredrik, Teigen og Kim som lett hadde vore kapteinar på andre lag i form av sine erfaringar og spelarkompetanse. Men André er eit soleklart val for Hødd!

André, til lykke med dagen, med kampen og med rekorden! Det er deg vel unnt som det førebiletet du er og har vore i ein liten, men stor klubb som vår. I ein klubb med 40 års toppfotballtradisjonar og fleire legender; Kjetil Hasund, Hallbjørn Hasund, Otto Sundgot, Audun Wingsternes, Vidar Ulstein med fleire er André Nevstad no legendenes legende!

André, eg hyllar deg!!!

måndag 30. juli 2007

Vindu til ei ny tid for Hødd Fotball?

Medan dei i aldersbestemt fotball i klubben kosar seg med sesongens høgdepunkt Norway cup er det andre aktivtetar på Høddvollhuset. 1. juli opna det kjende overgongsvindauget for sommaren. Frå 1. juli til midnatt 31. august kan spelarar over heile verda skifte beite frå ein klubb til ein annan. Også vi i Hødd Fotball arbeider knallhardt for å forsterke laget og stallen medan vindauget er ope. Særskilt har hovudtrenar Sture og Harald med fleire jobba med eit mål for auge; å gjere tabelleiar i 2. div avd. 2 enno sterkare.

Sture Fladmark er ny mann på Høddvollhuset denne sesongen som heiltidstilsett hovudtrenar. Men han har også ein ny "skugge" i ein ny assistenttrenar, Lars Petter Rønnestad frå Moltu. Lars Petter er ein kjernekar som er lidenskapleg oppteken av fotball. Lars er no verdskjend som Luton-supporter med fast tilnamn i Vestlandsnytt der han konsekvent blir titulert "Luton"! Han kom til oss frå Brann der han har vore trenar for aldersbestemte lag. Familien flytta heimover og Lars hadde egentleg takka ja til å trene Åram/Vankam då Hødd kom på bana med tilbodet om å verte Sture Fladmark si høgre hand. Det skal seiast at Lars her ei stund var mellom barken og veden då han ei periode trente Åram/Vankam samstundes som han tok til som Høddassistent. Og i tillegg jobba han i eit lærarvikariat på Stokksund skule i Tjørvåg, og pendla til alt dette frå bustaden i Volda! For ein mann...

Fram mot påsketider vart det avgjort at Lars slutta som trenar for Åram/Vankam og han kunne då fokusere fullt på rolla i Hødd Fotball. Tilnærminga til fotball for Lars er at han er særs hardtarbeidande, han jobbar mykje med logistikk og ulike analyser som har vore verdifullt for oss så langt i år. Det seier seg også sjølv at han har kome inn i miljøet på ei flott måte, og eg trur han trivs som den berømte plomma.
Sidan vi no er omlag midt i det nemnte overgongsvindauget i fotballen kan eg også avsløre at Lars har vist seg som ein kjemperessurs for oss i Hødd også her. Han har grunna si store interesse for fotball, og med sin kunnskap og kontakter introdusert oss for marknader vi ikkje har vore i tidlegare. Dette har kulminert i at det har vore særs spanande tider for oss som har kunne fulgt dette spelet frå innsida. Dialogar med spelarar og klubbar på eit nivå vi ikkje har vore inne på tidlegare, uten at eg her kan avsløre noko meir konkret no.

Med trenarar i klubben har vore på "spiontokt" for å kartlegge spelarar samstundes som at det lokale næringslivet har stilt seg positive til å bidra, har gjort at for Hødd snakkar vi klart om å ta steg inn i ei ny tid som syner at klubben kan ha livets rett i ein toppfotball som stadig blir tøffare. For det kan eg også avsløre, og håpar at høddarar, supporterar og andre skjønar at det kostar meir i ressursar og jobb om Hødd skal bevare den statusen klubben har i norsk toppfotball som vi har hatt i fleire ti-år. Det betyr at det er ein stor og utfordrande jobb som må gjerast på fleire plan i klubben av mange som bryr seg sterkt om denne klubben. Om vi saman lukkast med dette vil vise seg etterkvart...

Attende til overgongsvindauget og styrking av Høddstallen. Eg skriv og lettar litt på sløret berre for å syne for supporterar som ikkje har tolmod nok, at ting er på gong. Det er ikkje det same som at klubben for fulltreff med desse initiativa, men vi har i allefall tenkt nytt og arbeida hardt for utvikle klubben og forsterke stallen!
Når det er sagt så må det seiast at spelet med å få nye spelarar til klubben ikkje er like enkel som nokre vil ha det til eller igjen andre trur. Det kan synest som om enkelte trur dette er gjort på 1-2-3, men det er eit puslespel som skal gå opp som altfor ofte tek altfor lang tid også for oss som står planta med beina opp i det. Det som ein kveld ser ut som vi har lukkast med og berre formalitetane står igjen, så er det ofte brått snudd over natta! Og dermed må ein i beste fall starte på nytt igjen eller i verste fall skrinlegge planen etter mykje hardt arbeid.
Samstundes så må nok supporterar innsjå at det ikkje er lett å trekkje til seg spelarar frå t.d Austlandet hit til Ulsteinvik. Sjølv om vi synest det sjøl, så er det nok ikkje verdas navle! :)
Spelarar vi ønskjer har ofte god lønn også som må matchast eller det må lagast opplegg for. Vi kjem ikkje langt med "Du får nokre 10 000-kroner i året og må jobbe fulltid på Odim eller Rolls ved sidan av å spele fotball for Hødd"! Det seier seg sjølv at vi då ikkje stiller i første rekkje for spelarar som er vane med "kun" vere fotballspelarar på heiltid.

Det er ein drøy månad igjen av vinduet for overgongar. Kanskje ender vi opp med null og niks, men kanskje skyt vi gullfuglen (Kanskje ei dårleg samanlikning - å skyte gullfuglen (til klubben), men kanskje vi treff blink då! hehe...). Samstundes så lyt folk smøre seg med tolmod. Når det er rett kjem klubben med opplysningar, men ein må også skjøne at Hødd også vil halde sine kort tett til brystet. Det er ikkje noko poeng å røpe noko til eventuelle konkurrentar... Uansett så vil vi arbeide knallhardt for at Hødd skal stå så godt rusta i kampen om opprykk som overhode råd er. Vi har prøvd nye vinklingar og arbeida breiare og dermed søkt å gi klubben fleire bein å stå på. I kva grad vi lukkast, ja det gjenstår å sjå...

torsdag 26. juli 2007

Tour de Dop

Sist gong så tok eg meg føre det som har vore sommarens høgdepunkt for meg i fleire år, Tour de France. Ein kan ikkje klage på dramatikk av årets utgåve heller! Men dessverre for the wrong reasons. Vår gamle fæle onkel vi håpte ikkje skulle kome på besøk kom likevel. Hysteriet og skandalene rundt sykkel og doping har vore hovudrolleaktørar siste dagane.

Det nye og vanskelege har vore dette med Michael Rasmussen og meldeplikt. Vi har høyrt om dette tidlegare også, men då har det vore "fasit" på greiene. Nokon har synda og det har fått konsekvensar. Det har vore meir som ein notis under sportsseksjonen i avisa. Med Rasmussen har det vore så mykje styr! Først og fremst har han støya sjølv og ikkje skjøna problemet med at ein idrettsutøvar må seie frå kvar ein er til ei kvar tid. Dette var før det heile starta. Rasmussen kom etterkvart i gul-trøya og då fann ein ut ein måtte skru volumet enda opp eit hakk! Det var meldt frå Danmark at MR i mai hadde "gone missing" og at han hadde fått desse advarslane. Unødvendig! Korfor kome med dette når MR leia Tour'en? Dei ansvarlege skulle delt denne informasjonen med MR sitt lag Rabobank og Tour-arrangøren før konkurransa starta! Då hadde dette ikkje fått like stor merksemd og skandala i dette omfanget hadde vore unngått, og dermed mindre skade for sykkelsporten.
MR hadde visstnok vore hjå svigers i Mexico då han var sakna. Jaja, det var ein advarsel då og dette var ikkje bra. Det var i det heile mistenkjeleg får så tett opp mot Tour'en kunne han hatt høve til å... ja, du veit.
Akkurat i det det såg ut som om Rasmussen hadde mest sannsynleg avgjort Tour'en i sin favør, tok farsa ei ny vending. Då han etter eige utsegn var i Mexico (ja, hos svigers veit du) vart han visst observert i Italia. Dette tyda på juks, fanteri og løgn! Rabobank sparka Rasmussen ut av Tour'en og vekk frå ei gjeven siger...
Sjelden har vel det kjende uttrykket til den animerte hobbyfilosof Solan Gundersen "Her er det no' muffens!" vore meir treffande! Nokon veit meir enn dei vil dele med offentlegheita, men det kjem vel fram etterkvart...

Laurdag var det revansje. Vinokourov viste fram tempo-dugleiken sin i suveren stil. Var dårleg ver den dagen. Hushovd luffa gjennom løypa i høljeregn. Cancellara, Gusev, Klöden og fleire andre var i asfalten. Men Astana-kaptein og min gamle helt Alexandre Vinokourov fossa gjennom tørka regna til beste tid i suveren stil, og for ein revansje etter at var under kjellaretasjen i fjelletappa dagen før!
Dette var tangering av restitusjonsrekorden. Dette hadde vi sett før. Ikkje lenge sidan heller, cirka året i førevegen.

Floyd Landis.

Den avskilta Tour-vinnaren for 2006. Før Tour'en i fjor var Landis ein av favorittane. Han hadde vore ein av sersjantane til Lance the legend. Han visste kva dette handla om. Han skulle no ta over trona etter Armstrong. Sjølv TV2-ekspert Kaggestad heldt ein knapp på Floyd.
Tour de France og særskilt dei avgjerande fjelletappene er eit spel! Det er som blinkeleiken, favorittane sit (og syklar) og passar på kvarandre. Kven blinkar først? Der på ei fjelletappe "blinka" storfavoritt Floyd Landis først! Han måtte sleppe dei andre utfordrarane. Han var brått tom for krefter og tida gjekk brått rasande fort og hadde han vore boksar, ja då var dette nær knockout.

Dagen etter stod Floyd Landis opp frå dei daude. Og i noko (som i etterkant viste seg) idrettsverda ikkje hadde sett sidan Johan Mühlegg sine "glansdagar" tok Landis i ein kraftantrengelse av dei sjeldne igjen det tapte frå dagen før. Men i etterkant viste det seg han hadde juksa og han vann ikkje Tour de France 2006 likevel. Eller gjorde han det? Dei kranglar enno....

Samanlikniga Vinokourov og Landis. Begge var favorittar, kanskje den største. Begge var arveprinsar og skulle ta over hegemoniet. For begge var det no eller aldri. Både Landis og Vino tapte mykje tid til konkurrentane og var tappa for krefter. Dagen etter dei framstod som utslitne og utslagne stod begge fram som unikt god trente syklistar, ja eit knepp vassare enn dei andre. I begge desse tilfella (+Mühlegg) må vi ikkje vere naive, når noko ser ut til å vere for godt til å vere sant. Når ein sportsmann overgår fysikken og er i superform etter å ha slete seg heilt totalt ut. Då er det lov å tenkje doping...

Kvifor?
Det er umogleg for oss å setje oss i situasjonen til Landis og Vinokourov og kvifor gjorde dei som dei gjorde. Doping og sykkelsporten si felles historie gjer at syklistar er dei idrettsutøvarane som det blir mest fokus på. Sjansen for å bli teken er altså stor om du juksar. Likevel, kvifor? Kvifor gamble på noko du har oddsa i mot deg på.

Ordet som dukkar opp hjå meg er; desperasjon!

For begge karane hadde eit år med treningsarbeid vore retta mot eit mål og eit fokus: Tour de France og den gule vinnartrøya. Armstrong hadde lagt opp og mot slutten av ei karriere opna høve seg som den beste sjansen dei hadde hatt. Vinokourov sa sågar før årets utgåve "no eller aldri". Det blir aldri!
Etter fjelletappa der dei tapte mykje tid til konkurrentane, må fortvilinga vore sterk. Og fortvilinga kan etterkvart gått over i desperasjon. Og desperate situasjonar fordrar ofte desperate handlingar. For meg å setje meg inn i situasjonen til Landis og Vinokourov er dette mi beste forklaring. I si fortviling og desperasjon for å kompensere tap har dei dopa seg for å ta igjen det tapte.

Svik.

Heldigvis for sporten er det utstrekt testing. Derfor vert dei som juksar tekne. Av og til er det ein hestekur som trengst for å bli frisk. Dette er sykkelsporten i gjennom no. Er det noko sporten og dei involverte har lært dei siste to utgåvene er det at juksarane blir tekne, avskilte og kasta ut i skam. Enten en er kong Salomo eller Jørgen Hattemakar.

Gler meg til neste års høgdepunkt Tour de France! Dramaturgien, dei uforutsette hendingane, knivinga i spurtane, dei uungåelege veltane, norske etappesigrar, Hushovd, Arvesen og kanskje til og med Boasson Hagen...

Tommy, når skal vi leige oss bobil?!?! :)

måndag 9. juli 2007

Sommarens høgdepunkt

Så langt har vi Sunnmøringar hatt ein monster-sommar! Det er i store periodar vore kalasver, mykje sol og god varme. Det må vel seiast at eit regntungt austland også har forsterka og gjort at vi har nytt sommardagane enno meir.

Eg har jubileum. 10 år har eg no jobba som lærar/rektor i Herøy kommune (Det vart forresten ikkje jobb-byte denne sommaren heller, i allefall ikkje per dato). Tida har gått lynande fort og eg har snart alderen for midtlivskrisa. Gler meg til den kjem, men noko Porsche eller motorsykkel trur eg ikkje det blir. Tek heller ein medisin-tur til Liverpool og reparerer der... Den tid, den sorg!

Vi er no igong med sommarens store høgdepunkt, Tour de France. Eller Thor de France som vi Hushovd-tilhengjarar seier! Eg har etterkvart innsett at heldigvis er det fleire enn meg som er sjukt oppteken av dette arrangementet. Tidlig i leiken var det Sverre og eg, men siste åra er det Tommy og eg av kompisane som diskuterer mest etappenes hendingar. Men med Hushovd sin suksess har fleire nordmenn (også av lokal type) fått augene opp for Tour'en og dens dramaturgi. Fleire på Hødd er interesserte og i fjor måtte eg rapportere til Hovel og Gars om korleis det gjekk medan vi trente, og faktisk medan vi varma opp til ein heimekamp.

Eg hugsar ikkje korleis eg fatta interesse for Tour'en, men Lance Armstrong og eg går "way back" - det var då han braut igjennom eg byrja å følgje med. Det må sjølvsagt også ha noko med TV-dekninga å gjere. Teorien min om korleis eg fatta interesse for dette, som er mykje meir enn eit sykkelløp, har noko med arbeidskarriera mi å gjere:
Eg byrja å jobbe i Herøy i '97, og første sommarferien eg fekk var då året etter i 1998. Dei andre sommarane jobba eg her og der, sommerjobb for ein fattig student var eit must. 1998 var første året Lance vann, og når eg fekk sommarferie så var det vel ikkje så mykje å gjere på. Sommarveret var sikkert ikkje det beste, i motsetnad til no i sommar. Derfor reknar eg det som svært sannsynleg at eg sat inne framføre fjernsynet. Og då vart det nok til at, medan det hølja ned ute, fulgte eg sendingane frå Frankrike. Sidan har det berre balla på seg (både for meg og andre), trur eg...

Men i dag er det tredje etappe av årets utgåve av Tour'en (eller Thor'en). Oksen frå Grimstad vart andremann i sprinten igår og forma er god altså. Også dagens etappe er spådd å bli ei etappe for sprinterane. Så eg reknar med det er Tour-fans landet rundt som håpar på Hushovd idag. Eg har fått beskjed av ein ferierande bekjent, Kristian om å halde han oppdatert under dagens etappe. Og ute høljar det ned....

fredag 22. juni 2007

Skal, skal ikkje...

Skulane har no teke ferie stort sett. Det er stort sett administrasjonane ved dei større skulane og rektorane ved dei mindre som går igjen i gangane. Som rektor på ein liten skule har eg det på mange måtar enklare og meir oversiktleg enn mine kollegaer på større skular. Etter å ha vore rektor på Kvalsvik skule i 6 år, føler eg sjølv at tida nærmar seg for å søkje seg nye utfordringar. Dette har eg gjort nyleg, meir eller mindre i det stille med berre mine "nærmaste" som orienterte.

Som Dr. Martin Luther King har eg og ein draum. Eg trur vi alle meir eller mindre drøymer om å få arbeide med det som er lidenskapen eller hobbyen vår. For min eigen del er det fotball som er lidenskap og livslang hobby. Dersom eg så skulle, i ein eller annan samanheng, få sjansen til å arbeide med fotball (meir eller mindre) på heiltid ville sjansane naturleg nok vere store for at eg ville gripe ein slik sjanse med begge hender og føter! Eg har no også søkt å få jobb som høver til skildringa for draumejobben min, men slik det ser ut no er sjansane for dette ikkje dei beste...

Samstundes har eg søkt på ei stilling som inspektør hjå min noverande arbeidsgjevar. Og her har det gått fort i svingane! I løpet av dei siste dagane har eg blitt kalla inn til intervju, blitt "grilla" i halvannen time til denne stillinga, og no til slutt blitt boden jobben. Midt i desse prosessane og i "vanlege arbeidsdagar" med jobb på skulen og treningar på Høddvoll har eg tenkt konsekvensar...

Eg innser at jobben eg er boden er eit godt tilbod som gir meg ytterlegare erfaring som pedagog og skulemann. Det vil bli ei god utfordring som eg må gå inn i med ope hjarte, sinn og krefter. Eg trur at skal eg gjere denne jobben skikkeleg etter mine forventningar vil eg trenge meir tid enn eg no har. Familien min skal ikkje tape i denne samanhengen - det er klinkeklart! Svaret eg no sit med er at dette må gå ut over engasjementet mitt i Hødd. Dessverre...
Kanskje kan eg vere med på mindre enn eg er no. No er avtalen at eg er på trening onsdag, torsdag og fredag pluss heimekampane for A-laget. Etter mitt syn er dette i minste laget! Eg føler og meiner at eg no gjer eit minimum i forhold til keeperane mine og eg ønskjer egentleg å gjere meir! Men i min noverande situasjon totalt sett er ikkje dette mogleg.
Då seier det seg sjølv at denne kjensla ikkje blir betre dersom eg er mindre involvert! Derfor vil nok ein konklusjon vere at dersom eg tek inspektørjobben bør eg slutte som keepertrenar for A-laget. Eg tykkjer det er reint tragisk å tenkje tanken å vere uten fotball. Men så er det vel slik det er - alle gode ting har ein ende. Kanskje det no er tid for fokusere annleis enn eg har gjort tidlegare og setje inn krefter på andre område?

Men, men.. "Heldigvis" har eg "HEILT" til måndag med å kome fram til eit svar.......

Og i morgon er det kamp, skal det bli min siste skal det i allefall bli siger!!

onsdag 6. juni 2007

Ein kjekk mai månad og den neste Zidane?

Det har vore fantastiske dagar med eit strålande ver og Ytre Søre har vist seg frå si beste side. Når dagane er slik, er det ingen stad det er betre å vere. Gløym New York City og storby-wannabe Oslo, Sydens vakre strender og den aude Stillehavsidyllen mange av oss drøymer om. Ulsteinvik er staden å vere! "Og det diskuterakje ej en gong!" - som det heitte i eit tidlegare mykje nytta Høddvollhuset-uttrykk.

Vi i Hødd har også fått sving på poengfangsten etterkvart. Mai vart ein fin månad for oss, og feilskjeret i cup'en mot Flo eller Fjøra eller kva det no var ned i Sogndal har vi lagt bak oss. Sture har i ettertid berre kalla det Sogndal - det høyrer kanskje litt finare ut då...
Men uansett. Vi har drege i land 3 poeng både mot Byåsen, Levanger, Lillestrøm2 og Kristiansund før vi tok med eit poeng borte mot Ranheim sist helg. Dermed har vi etablert oss i tetstriden og vi vil gjere alt for å bli der, og ta eit steg lenger opp på tabellen også. Desse kampane har vist at vi spelar bra fotball, er dyktige på dødball og ikkje minst vi held distansen som få andre. Men i botnen for dette ligg der duellstyrke, disiplin og lojalitet i forhold til kvarandre og den jobben vi saman skal gjere i kvar kamp. Dette, med ein liten dæsj kynisme og kvardagsfotball i starten av kampane har vist seg som ein fin resespt.

Denne gongen i mai har vi også sleppt dei store og mange skadene. Eg tenkjer tilbake med gru på fjorårets mai då Murphy's Law gjaldt til dei grader for oss. Alt som kunne gå gale, gjekk gale!
Årets mai har vore i motsett ende av skalaen. Laget har fått sett seg, spelarar har skapt nye relasjonar mellom kvarandre som har vore nyttige for laget og vi har scora mål. Mykje mål.

Toppscoraren vår i skrivande stund er Joachim Magnussen. 8 mål på 7 kampar, og scoringar i 6 kampar på rad!Fantastisk - måtte det vare...
I forrige blogg skreiv eg om potensiale og at vi måtte saman prøve å guide vore unge talent på vegen. Joa har no teke sine første stabbande steg mot ei stor framtid (Det fell ein småbarnsfar enkelt å bruke denne samanlikninga). Joa er ein spelar som kan nå så langt som kven som helst. Ein Riise, ein Solskjær eller Zidane? Per Mathias Høgmo har sagt at den neste Zidane like gjerne kan kome frå Båtsfjord som Marseilles. Kanskje han kjem frå Fosnavåg?
Det er tunge bører eg no legg på Joa, og forstå meg rett. Eg samanliknar han her med ein baby og den beste fotballspelaren verda har sett. Poenget mitt er då at der er mykje som skal klaffe og det er mykje jobb, erfaringar og utvikling som skal gjerast for Joa eller andre som er på vegen til å prøve å bli den neste Zizou.
Eg vågar meg på samanlikninga av nokre få enkle årsaker. Joa har ferdigheitene som alle kan sjå som tek turen til Høddvoll. Teknikk, ballkontroll, balanse, er to-beint, godt skudd, blir stadig betre i hovud- og duellspelet og er målfarleg. Om dette er ferdigheiter som dei ferraste har, har Joa også andre ferdigheiter. Han er ærleg målretta på eigne og laget sine vegne. Han jobbar hardt og langsiktig, og har gjort det lenge. Undersøk kva han gjorde dei månadane han var kneskadd for eit par sesongar tilbake! Og ikkje minst; Joa er audmjuk. Han er ingen verdsmeister i eigne auge. Det er mange unge lovande som går i akkurat den fella! Dei er trur dei er betre enn kva dei eigentleg er. Med Joa er det motsett; han trur ikkje han er så god som han eigentleg er. Men han har fått feedback - både den indre og ytre sorten. Og han viser på bana at han er svolten på meir, mykje meir!

Eg trur Joachim Magnussen har si stor framtid framføre seg på fotballbana. Kor lenge han blir i Hødd er uvisst, men han tek nok steget vidare om ikkje lenge. Til då vil eg oppfordre alle Høddvener til å følgje Joa og oss i kampar og treningar - og nyt fineveret og fotballen.

PS! Ingen er perfekte, ei heller Joachim Magnussen. Han er Chelsea-fan.....

onsdag 25. april 2007

Utviklinga i Hødd, med skråblikk til den Nationale Scene

I 1995 var Hødd ein kamp frå å halde seg i eliteserien. Klubben kan sikkert takke mest seg sjølv for nedrykket då ein ikkje fekk nok poeng til å halde seg, men vi "skuldar" på RBK som tapte mot Kongsvinger! :)

Slik eg har skjøna det vart satsinga då ei kostbar affære for klubben, som ein måtte bruke dei påfølgjande sesongane for å reparere. "Aldri meir" vart det sagt i ettertid og klubben sette tæring etter næring. Kanskje Hødd vart ein leiande klubb i denne målestokken sidan vi no for tida berre ventar på den første toppklubben skal bukke under med raude tal i budsjettet og med ei sportsleg måloppnåing som ein ikkje har lukkast med.

Hødd har i alle tilfelle innsett at ein (saman med naboklubbane) må dyrke fram spelarane sine sjølve og satse mindre på spelarar utanfrå (kvar no det er hen). Resultatet er per nu at vi spelar i 2. divisjon, med ein stall med fleire spanande spelarar. Av 87-generasjonen er Joachim Magnussen og Eivind Michael Myklebust kanskje dei som er mest spanande og som det er knytta mest forventningar til av folk som følger med klubben. Dette er offensive spelarar som uten tvil er spanande, og etter mitt syn kan ikkje toppnivået deira vere langt unna landslagsnivå. Dei må berre få ei god matching og stabilsere seg opp mot sitt toppnivå så godt som råd og sjølvsagt få halde seg skadefrie over tid. Dette kan ta tid! Det er ingen som har fasiten på når sånne ting blomstrar. Hadde ein hatt det, hadde ein verkeleg funne gullåra! Sidan Hødd no tok steget ned ein divisjon, vekk frå Adecco der jaget mellom opprykk og nedrykk er så vannvittig og skillet så lite at det blir vanskeleg å sleppe til framtida i klubbane å gi dei matching over tid, var håpet at dette kunne vere tidspunktet for våre unge framadstormande menn. Næringslivet har slutta opp om klubben og gjeve oss fridom til å kunne tenkje langsiktig. Vi i Hødd har starta sesongen ikkje etter eigne forventningar, og heller ikkje etter forventningane til dei som fyl oss tettast. Vi har sagt at vi vil kjempe om opprykk, men vi er i ein tøff divisjon med andre lag som også tek sikte på å vinne denne kampen. Sture har sagt han meiner avdeling 2 er den tøffaste 2. divisjonsavdelinga. Uansett skal status gjerast opp først utpå hausten ein gong, og forhåpentlegvis har Hødd då rykka opp. Som nemnt har vi ikkje starta på beste måte, og der er heilt klart nokre knappar vi må trykke på for å finne den gode kursen.

Eit visst forventningspress må vi kunne forvente, men at folk må også skjøne kva som må til. Hødd må finne forma og ein av dei mange faktorane trur eg er mellom anna å sleppe eit unødig press for spelarane og spesielt dei unge. God rutine og erfaring har fleire av spelarane vore, men samstundes er det mange unge som skal skaffe seg dette gjennom spel, opplevingar og læring denne sesongen. Derfor meiner eg at det er viktig at folk opp i skuffelsen med ein sesongstart under pari, held fram med å støtte laget - unge som eldre og dermed hjelper oss med å kunne tenkje langsiktig, bygge ein god supporterkultur og kunne drive god spelarutvikling for eldre som dei unge. Spelarane ønskjer så gjerne å lukkast saman med oss trenarane, men eg trur dei kan bli prega av forventningar og kan leggje band på seg og dermed auke terskelen for ikkje å lukkast. La dette jaget ikkje bli ein ond sirkel! Eg er overbevist om at dersom spelarane blir støtta til å prøve igjen og igjen, få lov å feile og auke sjansen til å lukkast vil dei utvikle seg raskare. Vi trenarane er guidar som skal hjelpe dei fram i dette landsskapet etter beste evne. Og vi i Hødd har fått Sture Fladmark, årets trenar i Tippeligaen for nokre år sidan. Er ikkje det ei bedrift!? Hjelp oss på trening og i kamp, vi skal ha det gøy på Høddkamp. Har vi det gøy på tribuna og på bana blir resultatet bra, garantert!

Joachim Magnussen, Eivind Michael Myklebust, Vebjørn Skeide, Jon Erik Ertesvåg, Andreas Kurseth, Andreas Rekdal, Patrick Undli, Kjetil Paulsen, Ørjan Nyland er mellom anna unge Høddarar av idag som kan bli spelarar, som kan utvikle seg til å bli spelarar på ei større scene enn Høddvoll! Men vi trenarar, støtteapparat, foreldre, skule, næringsliv, Blåsarar og andre supporterar er faktorar som må hjelpe desse (og dei andre) her og no! Nokre vil slå til i 2010, nokon kanskje ikkje i dei heile eller andre kanskje allereie i år. Kva er kriteriane for at dette skal skje og kva for ein liten eller stor ting kan du bidra med?!?

tysdag 13. mars 2007

FOTBALL: Fornuft og følelser

La oss starte med det første først! Har lånt tittelen til denne blogg-utgåva av Åge Hareide. Den forrige boka til fyren heitte det same sånn cirka.

Fotball er fornuft og følelsar! For min del kan eg analysere ein fotballkamp meir eller mindre djupt, så lenge mitt elskede Liverpool ikkje spelar. Då er det svært mykje følelsar i utlaup og heller lite fornuft, i allefall når det ein sjeldan gong går dårleg! :) Det er noko spesielt med oss som held med Liverpool frå Anfield. Eg refererer her til Tommy the tit, som seier det same. Han held med Newcastle og er såleis nøytral. Det er noko med det meir ekte engasjementet kanskje, arva frå tradisjonen til klubben vi elskar? I allefall bryr vi oss mest om korleis det går med vårt lag (dei fleste av oss) i motsetnad til dei som helde med eit anna "djevla" lag (dei fleste av dei bryr seg mest om korleis det går med The Reds frå Anfield). Det kan i allefall virke til tider som det viktigaste er at det går dårleg med visse andre lag enn at det går bra med sitt eige lag!
Det er kanskje berre ein følelse eg har....

Imorgon tidleg reiser eg saman med fleire andre Hødd-trenarar på studietur til England. Basen blir i Manchester, trur du eg har ambivalente følelsar?! Skal på kampar også: Man City - Chelsea onsdagskvelden (H), laurdag blir det Man U - Bolton (lurer på om der er ein supporterfraksjon likande den på Lerkendel. Dei har egne banner med "Heia Bortelaget" på) og søndagen blir det Everton - Arsenal. Altså ikkje akkurat dei store heltelaga, snarare tvert om. Eg skal rett og slett studere dei ulike rivalane våre. Kanskje kan naboane over Stanley Park hjelpe oss mot ein tabellkonkurrent? Time vil sjåv...
Fornufta tilseier at dette blir ein kjempetur, følelsen noko heilt anna....

PSV Eindhoven altså. Det vart ei heldig trekning i kvartfinalane av Champions League, seier dei. Eg veit ikkje... Mitt liv med Liverpool har lært meg at her, skal ein ikkje ta noko for gitt! Det går opp og ned, og følelsemessig burde eg vere eit vrak. Det er rart eg overlevde Istanbul-finala, eg må ha eit godt og sterkt hjarte og det bankar blodraudt! :) Ein ting eg har lært meg med Liverpoolkampar er rutiner. Eg likar ikkje å sjå kamp saman med fans av andre lag!
2 grunnar, eg innrømmer eg er ustabil under Liverpoolkampar og at nebbing kan utarte seg fysisk. Eg har aldri gått til åtak på nokon, men far min seier eg som liten neste slo "i hel" TV'en etter eit (sjeldent) tap. Ergo ligg der kanskje noko latent?!
Grunn nummer 2, vanskeleg å kome inn i trygge rutiner i ein slik setting - det er eg nesten avhengig av i forhold til Liverpoolkampar. Eg er overtruisk! Då eg spelte basketball hadde eg fast plass i garderoba. Fann eg kle og baggar på min plass når eg kom, havna dei fort midt ut på golvet. Eg måtte ha min plass! (Beklager om det gjekk ut over deg).
Suksessen i 2005: I alle Champions League-kampane denne sesongen var det fast rutine; Preben (onkelunge, fadderunge og "fellow Reds fanatic") og eg såg alle kampane i lag. Det enda med "we won it 5 times" - CHAMPIONS LEAGUE-siger! Er det rart eg ikkje vil endre rutiner? Fornuft og følelsane tilseier dei må vere slik!
Likevel, usikker.. Eg har ikkje hatt rutiner denne sesongen! Har sett dei fleste kampane heime, men også fåre hit og dit å sett mine røde venner i kamp. Med blanda hell..
Likevel har eg ein god følelse....

Ein annan ting med Liverpool. Eg har på følelsen eg aldri kan "nebbe" uten å bli straffa for det! Det er kanskje det mest irriterande med heile favorittlag-greia, sidan andre bekjente gjere dette så gjennomført - uten å bli straffa for det! Tilsynelatande..
Dvs hovere gjer eg sjelden. Sist eg prøvde meg var då Liverpool på nyåret spelte borte mot Newcastle. Mine røde venner tok ledelsen og målscorar var Craig Bellamy, tidlegare Newcastle-spelar. Eg drista meg utpå.. Eg sende følgjande melding til Tommy (nemnt over): "Har vi endeleg fått ein slik som scorar mot gamleklubben?". Det har no våre typisk at spelarar vi sel, scorar og spelar bra neste kampane dei spelar mot oss. "Svaret" frå skjebnen kom prompte: Kampen ende med tap 1-2, og dette var første kamp på årevis Liverpool tapte etter å ha score først. Ein kan bli overtruisk av mindre!!!
Det er i allefall følelsen eg har...

Det blir mykje fotball og reising denne månaden. Kjem heim frå Scumchester neste måndag, men i slutten av månaden i palmehelga skal eg over igjen. Guttorm, HC og eg skal over til det forjettede land på Merseyside for å sjå kampen mot Arsenal. Arsenal slo no ut B-laget vårt av begge the domestic cups denne sesongen. Men alle gode ting er 3, så vi trur på siger den kampen. Eg er dessuten ubesigra på Anfield. Det berre må bli siger!
Det er i allefall følelsen eg har...

Walk on!

søndag 25. februar 2007

Welcome 2 my world :)

Ja, då he ej også heve mej på dinne fema her! Ej va no i mi tid seint ute og akseptere at CD'en ha komt for å bli. Trur det hadde noke med at ej allereie ha bjunt å seriøst samle vinyl-LP'a. Og om du finne tak i tidligare sløydlærara ta mej, so kan dei nok bekrefte at ej ikkje e so begeistra for å ta ting oppatte!

I motsetning til CD so va ej tidlig ute å ønska internett velkommen. Vakje få tima ej he tilbrakt på datarommet innpå lærarhøgskulen for å "jobbe", for å seie det slik! E-post adressa mi (starbury-adressa) he ej faktisk hatt sida då, den må faktisk vere bortimot 10-11 år, om ikkje eldre...

Ej fått fortalt ei historie om at han Arne Åsland Riise visstnok rundt '98 ha sagt han trudde internett ha komt for å bli! Veit ikkje om det er rett, men det e ei god historie og kanskje kan bloggen her bli det same...

Vi hørs!