fredag 22. juni 2007

Skal, skal ikkje...

Skulane har no teke ferie stort sett. Det er stort sett administrasjonane ved dei større skulane og rektorane ved dei mindre som går igjen i gangane. Som rektor på ein liten skule har eg det på mange måtar enklare og meir oversiktleg enn mine kollegaer på større skular. Etter å ha vore rektor på Kvalsvik skule i 6 år, føler eg sjølv at tida nærmar seg for å søkje seg nye utfordringar. Dette har eg gjort nyleg, meir eller mindre i det stille med berre mine "nærmaste" som orienterte.

Som Dr. Martin Luther King har eg og ein draum. Eg trur vi alle meir eller mindre drøymer om å få arbeide med det som er lidenskapen eller hobbyen vår. For min eigen del er det fotball som er lidenskap og livslang hobby. Dersom eg så skulle, i ein eller annan samanheng, få sjansen til å arbeide med fotball (meir eller mindre) på heiltid ville sjansane naturleg nok vere store for at eg ville gripe ein slik sjanse med begge hender og føter! Eg har no også søkt å få jobb som høver til skildringa for draumejobben min, men slik det ser ut no er sjansane for dette ikkje dei beste...

Samstundes har eg søkt på ei stilling som inspektør hjå min noverande arbeidsgjevar. Og her har det gått fort i svingane! I løpet av dei siste dagane har eg blitt kalla inn til intervju, blitt "grilla" i halvannen time til denne stillinga, og no til slutt blitt boden jobben. Midt i desse prosessane og i "vanlege arbeidsdagar" med jobb på skulen og treningar på Høddvoll har eg tenkt konsekvensar...

Eg innser at jobben eg er boden er eit godt tilbod som gir meg ytterlegare erfaring som pedagog og skulemann. Det vil bli ei god utfordring som eg må gå inn i med ope hjarte, sinn og krefter. Eg trur at skal eg gjere denne jobben skikkeleg etter mine forventningar vil eg trenge meir tid enn eg no har. Familien min skal ikkje tape i denne samanhengen - det er klinkeklart! Svaret eg no sit med er at dette må gå ut over engasjementet mitt i Hødd. Dessverre...
Kanskje kan eg vere med på mindre enn eg er no. No er avtalen at eg er på trening onsdag, torsdag og fredag pluss heimekampane for A-laget. Etter mitt syn er dette i minste laget! Eg føler og meiner at eg no gjer eit minimum i forhold til keeperane mine og eg ønskjer egentleg å gjere meir! Men i min noverande situasjon totalt sett er ikkje dette mogleg.
Då seier det seg sjølv at denne kjensla ikkje blir betre dersom eg er mindre involvert! Derfor vil nok ein konklusjon vere at dersom eg tek inspektørjobben bør eg slutte som keepertrenar for A-laget. Eg tykkjer det er reint tragisk å tenkje tanken å vere uten fotball. Men så er det vel slik det er - alle gode ting har ein ende. Kanskje det no er tid for fokusere annleis enn eg har gjort tidlegare og setje inn krefter på andre område?

Men, men.. "Heldigvis" har eg "HEILT" til måndag med å kome fram til eit svar.......

Og i morgon er det kamp, skal det bli min siste skal det i allefall bli siger!!

onsdag 6. juni 2007

Ein kjekk mai månad og den neste Zidane?

Det har vore fantastiske dagar med eit strålande ver og Ytre Søre har vist seg frå si beste side. Når dagane er slik, er det ingen stad det er betre å vere. Gløym New York City og storby-wannabe Oslo, Sydens vakre strender og den aude Stillehavsidyllen mange av oss drøymer om. Ulsteinvik er staden å vere! "Og det diskuterakje ej en gong!" - som det heitte i eit tidlegare mykje nytta Høddvollhuset-uttrykk.

Vi i Hødd har også fått sving på poengfangsten etterkvart. Mai vart ein fin månad for oss, og feilskjeret i cup'en mot Flo eller Fjøra eller kva det no var ned i Sogndal har vi lagt bak oss. Sture har i ettertid berre kalla det Sogndal - det høyrer kanskje litt finare ut då...
Men uansett. Vi har drege i land 3 poeng både mot Byåsen, Levanger, Lillestrøm2 og Kristiansund før vi tok med eit poeng borte mot Ranheim sist helg. Dermed har vi etablert oss i tetstriden og vi vil gjere alt for å bli der, og ta eit steg lenger opp på tabellen også. Desse kampane har vist at vi spelar bra fotball, er dyktige på dødball og ikkje minst vi held distansen som få andre. Men i botnen for dette ligg der duellstyrke, disiplin og lojalitet i forhold til kvarandre og den jobben vi saman skal gjere i kvar kamp. Dette, med ein liten dæsj kynisme og kvardagsfotball i starten av kampane har vist seg som ein fin resespt.

Denne gongen i mai har vi også sleppt dei store og mange skadene. Eg tenkjer tilbake med gru på fjorårets mai då Murphy's Law gjaldt til dei grader for oss. Alt som kunne gå gale, gjekk gale!
Årets mai har vore i motsett ende av skalaen. Laget har fått sett seg, spelarar har skapt nye relasjonar mellom kvarandre som har vore nyttige for laget og vi har scora mål. Mykje mål.

Toppscoraren vår i skrivande stund er Joachim Magnussen. 8 mål på 7 kampar, og scoringar i 6 kampar på rad!Fantastisk - måtte det vare...
I forrige blogg skreiv eg om potensiale og at vi måtte saman prøve å guide vore unge talent på vegen. Joa har no teke sine første stabbande steg mot ei stor framtid (Det fell ein småbarnsfar enkelt å bruke denne samanlikninga). Joa er ein spelar som kan nå så langt som kven som helst. Ein Riise, ein Solskjær eller Zidane? Per Mathias Høgmo har sagt at den neste Zidane like gjerne kan kome frå Båtsfjord som Marseilles. Kanskje han kjem frå Fosnavåg?
Det er tunge bører eg no legg på Joa, og forstå meg rett. Eg samanliknar han her med ein baby og den beste fotballspelaren verda har sett. Poenget mitt er då at der er mykje som skal klaffe og det er mykje jobb, erfaringar og utvikling som skal gjerast for Joa eller andre som er på vegen til å prøve å bli den neste Zizou.
Eg vågar meg på samanlikninga av nokre få enkle årsaker. Joa har ferdigheitene som alle kan sjå som tek turen til Høddvoll. Teknikk, ballkontroll, balanse, er to-beint, godt skudd, blir stadig betre i hovud- og duellspelet og er målfarleg. Om dette er ferdigheiter som dei ferraste har, har Joa også andre ferdigheiter. Han er ærleg målretta på eigne og laget sine vegne. Han jobbar hardt og langsiktig, og har gjort det lenge. Undersøk kva han gjorde dei månadane han var kneskadd for eit par sesongar tilbake! Og ikkje minst; Joa er audmjuk. Han er ingen verdsmeister i eigne auge. Det er mange unge lovande som går i akkurat den fella! Dei er trur dei er betre enn kva dei eigentleg er. Med Joa er det motsett; han trur ikkje han er så god som han eigentleg er. Men han har fått feedback - både den indre og ytre sorten. Og han viser på bana at han er svolten på meir, mykje meir!

Eg trur Joachim Magnussen har si stor framtid framføre seg på fotballbana. Kor lenge han blir i Hødd er uvisst, men han tek nok steget vidare om ikkje lenge. Til då vil eg oppfordre alle Høddvener til å følgje Joa og oss i kampar og treningar - og nyt fineveret og fotballen.

PS! Ingen er perfekte, ei heller Joachim Magnussen. Han er Chelsea-fan.....