torsdag 26. februar 2009

Rafa's onde sirkel

Liverpoolmanager Rafa Benitez feira igår ein ny triumf i Champions League då han leia The Mighty Reds til 1-0 seier borte mot moderklubben Real Madrid. Ein opptur han trengte etter ein "rocky" start på 2009. Benitez er hovmesteren for slike stunder då journalistar her og der dreg fram "the master tactitian" superlative sine. Elles er det ikkje mykje å hente for Rafa der i garden i det engelske avisfolk dreg ein negativ spinn på det meste. Det heng igjen enno at Rafa "roterer" for mykje på laget. Sjølv om det har blitt bevist at konkurrerande managerar byttar like mykje som han til tider gjer. Men her er kjernen i problematikken: Rafa roterer på laget, mens til dømes Ferguson berre byttar på laget. Kva er forskjellen? To openberre ting; det eine er at Ferguson har hatt (og kanskje har) ein betre stall og laget dermed ikkje blir så svekka. Det andre er sjølvsagt ei oppfølging av det første poenget, resultat i kampane det er bytta/rotert er i klar fordel Ferguson. Eit tredje poeng er også status. Gjennom ei lang karriere i PL har Ferguson meir å gå på, både i forhold til journalistar og andre ting med fotballen (dommarar og domspanel til dømes).

Rafa er ingen mediedarling - hadde han kunne hadde han ikkje teke del på pressekonferanser. Han trivst best på feltet saman med spelarane og er den manageren i PL som tek mest aktivt del i treningsarbeidet. Andre trivst best i rampelyset. Ferguson er godt trent mester som kan å bruke media til egen fordel. Berre spør Kevin Keegan! Då Mourinho var i Chelsea var han elska av media for openberre grunnar. Pressekonferansene var eit show - ein visste ikkje kva han kom til å seie, men ein visste det vart underhaldande. Når Rafa "trøkker" til har han med jukselapp...

God sesong?
Liverpool er i skrivande stund i ferd med å resignere i kampen om PL-tittelen, og sesongen ser ikkje ut til å bli så tett som enkelte spådde tidlegare. Liverpool er derimot nærare enn på lenge, medan Chelsea tapte kampen reelt sett etter jul og Arsenal lenge før det. Derfor er det vel ein god sesong? Nei, ikkje for dei som har venta på PL-mesterskapet i årevis og ikkje evnar å sjå bak resultat og heilskapssituasjon i klubben. Husk: Liverpool har kjempa om førsteplassen førsteplassen lenger ut i sesongen enn på lenge trass i ustabilt eigerforhold, splid i den daglege leiinga, Torres ute halve sesongen så longt, Gerrard ute i små perioder, usikkerheit om Rafa blir med vidare. Faste spelarar med kontrakter som nærmar seg berre eit år igjen på avtalen. Skal ein konkurrere treng ein at ein klubb spelar på lag, dreg i same retning og jobbar i lag! Det har ikkje vore realiteten i Liverpool Football Club sesongen 2008/09! Trass i dette må ein seie det har vore forbetring i Premier League plasseringsmessig i alle fall. Eg synes det er brukbart med tanke på all uroa som er og har vore. Hadde ting fungert slik det skal i LFC, "the Liverpool Way", er eg sikker på vi hadde leia tabellen komfortabelt. Men slik er det ikkje, vi får sjå etterkvart, ta ein kamp av gangen, telle opp til slutt.. Du veit alle frasene..

Status
Liverpool har eigarar uten evne til å gi det dei skal til ein klubb med mesterskapsambisjonar. Der er splid og ueinigheiter som ikkje gir stabilitet og arbeidsro. Leiinga og administrasjonen i klubben er prega av dette då eksempelvis adm.dir Rick Parry er "på lag" med Gillett. Medan Ian Ayre, ein annen topp i klubbleiinga er Hicks sin mann. Dette har konkret gjeve seg utslag i mykje rot, mest profilert før sesongen var overgongssagaen med Gareth Barry og kjøpet av Robbie Keane. No nylig har det vore mest fokus på Rafa og ny kontrakt, der det har vore munnleg einingheit om innhald får så å vere endra ordlyd når kontraktsforslaga har kome på bordet. Så har vi spelarkontrakter med Agger, Kuyt og Arbeloa som til sommaren har berre eit år igjen av avtalane sine. Sjølvsagt er det Agger grunna lite speletid som det har vore mest lyd om!

Keane og Barry
Her skal eg gi litt bakgrunnsbilde av kva som skjedde. Når Rafa no har vore i samtalar med ny kontrakt har det viktigaste kampen dreia seg om full kontroll over transfers og overgong på spelarar. Rafa har ikkje hatt full kontroll her! Vi huskar kanskje den einaste pressekonferansa Rafa har troppa opp i treningsdress? Han hadde fått beskjed av eigarane om at adm.dir. Rick Parry hadde hand om overgongar og han sjølv skulle konsentrere seg om å trene laget. Det var svara han gav til alle spørsmål journalistane denne dagen "I focus on coaching my players and training my team"...
Sommaren 2008 hadde Liverpool 2 hovedmål på overgongsmarkedet - 1: Aston Villa sin kaptein Gareth Barry og 2: Tottenhamkaptein Robbie Keane.
Gareth Barry var det viktigaste målet og Rafa sjølv leia dialogen etterkvart (Vi huskar kanskje Martin O'Neill sin frustrasjon over Liverpool sine lekasjer i media om interessa? Kvar kom lekasja frå: Rick Parry). Etter ein heil sommar fram og tilbake enda det med at eigarane ikkje ville godkjenne overgongssummen på £18M pga 27-årige Barry var etablert/"gamal" og at der var små muligheiter for vidaresal. Kvifor selge? Ein må no forvente at eit kjøp slår til og då er salg helst å unngå!?
Rick Parry jobba med ANDREVALET Robbie Keane og salget gjekk gjennom for rundt £19-20M inklusive alle mulig tillegg. Robbie Keane var 28 år sommaren 2008. Eit år eldre enn Gareth Barry, 2-3 millionar pund dyrare...
Ein frustrert Rafa starta sesongen etter dette prestisjetapet i overgongssaker, men alt i alt er det manageren som tek ut laget og ikkje den administrerande direktøren. Robbie Keane kan altså på mange måtar betraktast som berre ein brikke i spelet. Synd når han endeleg kom til klubben han heia på som ung gut...

Derfor vil, skal og bør ein manager han full kontroll på overgongar og budsjett i slike saker. Trur du Ferguson bestemmer i ManU og Wenger i Arsenal? Sjølvsagt gjer dei det! Det skal vere manageren som formar eit lag og stakar ut den sportslege kursen. Derfor skal han ha full kontroll på den som influerer det sporstlege i ein klubb. Derfor vil Rafa ha dette skriftleg i si nye kontrakt. Derfor er det mykje fram og tilbake i denne saka. Håper Rafa får viljen sin å bygger Liverpool vidare!