tysdag 17. mars 2009

Alt for Norge

Forrige veke var eg på La Manga saman med J19-landslaget der vi førebudde oss til andre runde EM-kvalifisering i Østerrike seint i april. Vi spelte tre kampar i Spania: mot USA (2-3 tap), Skottland (4-0 siger) og Italia (4-4). Vi har ting å rette på, men ikkje store saker. Eg må innrømme at eg var meir optimistisk etter desse tre kampane og det stinkar EM-suksess lang lei om vi får spele med tilnærma toppa lag. EM går i Kviterussland i juli og eg blir mest sannsynleg borte under bursdagen i sommar. EM-gull er på ønskelista! Lukkast vi med det har eg bestemt meg for å ta ein Riise å henge medalja i bilspeilet. Han hadde Ferrari medan eg heng den i "lisjemazdaen" - ein Mazda 323 85-modell :)

Tida vil vise. Men til då så kan eg berre nemne at det er utrulig stort å skulle ut i landskamp og synge "Ja, vi elsker" - det anbefalast!