fredag 1. februar 2008

Godt år?!

Vi skriv februar og januar gjekk uten eit einaste innlegg i bloggen frå meg. Ein kan altså slå fast at blogging ikkje var på lista over nyårsforsett frå mi side. Elles kan det vere han som meiner det heiter "nyttårsfortsett", fordi ein berre fortset med greiene slik det var...

Norah, Caroline og eg har kome oss i hus i Nesevegen 3 på Saunes, "Remabygget" sam eg plar kalle det når eg skal forklare til folk kvar eg bor. Er vel ikkje umogleg at det kan bli heitande det på folkemunne frametter... Vi trivst godt, men vi har vore så stressa med flytting, skule og jobb at vi har ikkje fått roa oss ned og tenkt på korleis vi har det her enno! Men det kjem vel, elles er det noko uferdig her - det er ein anleggsplass og blir det nok ei stund enno. Eg veit ikkje kva tid vi skal by folk på besøk, men det kjem nok.

Vi er godt igong med treningane på Hødd. Kvaliteten har vore god, så vi er brukbart i rute. Stallen treng å bli komplimert med 2-3 spelarar og det blir det jobba med. Prøvespelarar har vore innom, men vi skreiv ikkje kontrakt med nokon av dei. Per no er det mest ein midtstoppar vi arbeider med. Landslagskapteinenen til Færøyane, Frodi Benjaminsen var val val nummer 1 og vi har lagt inn 2 bod på han som vart avslått av klubben hans HB. Ifølge Rógvi var han særs skuffa over at dette ikkje vart noko av. No håper vi mest på Jonas Johansen, som ønskjer seg vekk frå Haugesund grunna lite speletid der på slutten av forrige sesong. Han er ein ung og talentfull stoppar som også veit kvar målet står. Tromsøguten var aktuell for gresk fotball, men ingenting kom i stand der før det internasjonale overgongsvinduet stengte natt til idag. No står det mellom oss og ein annan Adeccoklubb, etter slik eg har skjøna det.

Tremenningen til Rógvi, Kristoffur Jacobsen er også på veg. Forhåpentlegvis kjem han på treningsopphald allereie neste veke, men ingenting er avgjort enno her. Vi håper dette skal løyse seg i løpet av helga, og både vi og klubben hans KÍ Klaksvik ønskjer å få til dette. Kristoffur er ein offensiv spelar som kan spele over heile midtbaneleddet og sist haust vart han kåra til banens beste då Færøyane U21 tapte 1-0 mot Italia. Det skulle borge for at dette er ein lovande spelar og i tillegg har Lars Petter snakka varmt om han sidan han såg han i kamp sist sommar.

Dette er dei to spelarane som er mest aktuelle og kan styrkje laget. Ingenting er klart, men vi håper dette kan løyse seg rimelig kjapt og at vi ikkje minst får napp. I tillegg har Kristoffer Tollås blitt nemnt siste dagane...