Skulane har no teke ferie stort sett. Det er stort sett administrasjonane ved dei større skulane og rektorane ved dei mindre som går igjen i gangane. Som rektor på ein liten skule har eg det på mange måtar enklare og meir oversiktleg enn mine kollegaer på større skular. Etter å ha vore rektor på Kvalsvik skule i 6 år, føler eg sjølv at tida nærmar seg for å søkje seg nye utfordringar. Dette har eg gjort nyleg, meir eller mindre i det stille med berre mine "nærmaste" som orienterte.
Som Dr. Martin Luther King har eg og ein draum. Eg trur vi alle meir eller mindre drøymer om å få arbeide med det som er lidenskapen eller hobbyen vår. For min eigen del er det fotball som er lidenskap og livslang hobby. Dersom eg så skulle, i ein eller annan samanheng, få sjansen til å arbeide med fotball (meir eller mindre) på heiltid ville sjansane naturleg nok vere store for at eg ville gripe ein slik sjanse med begge hender og føter! Eg har no også søkt å få jobb som høver til skildringa for draumejobben min, men slik det ser ut no er sjansane for dette ikkje dei beste...
Samstundes har eg søkt på ei stilling som inspektør hjå min noverande arbeidsgjevar. Og her har det gått fort i svingane! I løpet av dei siste dagane har eg blitt kalla inn til intervju, blitt "grilla" i halvannen time til denne stillinga, og no til slutt blitt boden jobben. Midt i desse prosessane og i "vanlege arbeidsdagar" med jobb på skulen og treningar på Høddvoll har eg tenkt konsekvensar...
Eg innser at jobben eg er boden er eit godt tilbod som gir meg ytterlegare erfaring som pedagog og skulemann. Det vil bli ei god utfordring som eg må gå inn i med ope hjarte, sinn og krefter. Eg trur at skal eg gjere denne jobben skikkeleg etter mine forventningar vil eg trenge meir tid enn eg no har. Familien min skal ikkje tape i denne samanhengen - det er klinkeklart! Svaret eg no sit med er at dette må gå ut over engasjementet mitt i Hødd. Dessverre...
Kanskje kan eg vere med på mindre enn eg er no. No er avtalen at eg er på trening onsdag, torsdag og fredag pluss heimekampane for A-laget. Etter mitt syn er dette i minste laget! Eg føler og meiner at eg no gjer eit minimum i forhold til keeperane mine og eg ønskjer egentleg å gjere meir! Men i min noverande situasjon totalt sett er ikkje dette mogleg.
Då seier det seg sjølv at denne kjensla ikkje blir betre dersom eg er mindre involvert! Derfor vil nok ein konklusjon vere at dersom eg tek inspektørjobben bør eg slutte som keepertrenar for A-laget. Eg tykkjer det er reint tragisk å tenkje tanken å vere uten fotball. Men så er det vel slik det er - alle gode ting har ein ende. Kanskje det no er tid for fokusere annleis enn eg har gjort tidlegare og setje inn krefter på andre område?
Men, men.. "Heldigvis" har eg "HEILT" til måndag med å kome fram til eit svar.......
Og i morgon er det kamp, skal det bli min siste skal det i allefall bli siger!!
fredag 22. juni 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar