torsdag 8. oktober 2009

Let's GO!

Det passar alltid med ferie og dagane går alltid fort! Høgdepunktet denne veka kjem laurdag då Bergsøy spelar opprykkskamp borte mot Blindheim. Seier der så skal mykje gjerast (les: Ørsta score bøttevis med mål - vi har 9 å gå på) for at Fosnavåg igjen får BIL i lokal 3. divisjon igjen.

Eg har vore med på ein del av kampane, nokre treningar og gjort eit bidrag slik. Lars Petter Rønnestad er hovudtrenar, dagleg leiar i klubben og har gjort ein kjempejobb. Slik sett fortener han å feire opprykk no til helga, og i så fall skal eg også delta..

Og dagen etter er det Hødd-Byåsen!

Ingen kommentarer: