fredag 3. august 2007

Oh Captain, my Captain

Walt Whitman skreiv diktet "Oh Captain! My Captain!" som ein hyllest til Abraham Lincoln. Seinare vart det nytta i kampen mot nazismen under andre verdskrigen. I det siste har Whitman sine dikt blitt nytta til nye songar og melodiar. Då høver det kanskje at eg tjuvlånar det også.

André Nevstad set ny klubbrekord for Hødd mot Strindheim med 669 kampar! Dermed går han forbi Otto Sundgot si uslåelege rekord som har stått sidan 1988 då André debuterte på A-laget. Det er ein enorm prestasjon André har oppnådd, og det seier mykje om mannen, fotballspelaren og legenda Nevstad. Det er ikkje ofte ein kan seie at ein aktiv idrettsutøvar er ei legende. Men i og med André no er nummer ein på adelskalendaren til Hødd er det ei høvande skildring i mine auge.

Ikkje minst seier det noko om lojalitet. I dagens fotball er det ikkje mange som blir i ein klubb gjennom ei heile karriere som aktiv spelar. Paolo Maldini er ein som skil seg ut på ypperste europeisk toppnivå. Det finns sikkert andre også. Steven Gerrard blir det i Liverpool. André har to sesongar i Molde FK, og fekk då med seg ein Noregsmeisterskap då MFK vann cup'en i '94. Av andre utmerkingar ragar prisen som beste spelar i Adeccoligaen i 2005 høgt. Her konkurrerte André ut spelarar som Doffen Hæstad og Fredrik Strømstad om denne heideren. Seinare landslagsspelarar, så det seier ein del. Fantastisk for André, men også viktig for Hødd som er litt utanfor alfarveg i norsk toppfotball.

André spelar aldri ein dårleg kamp. Med innsatsen sin leverer han alltid over par sjølv i kampar der ikkje alt går vegen for han. Eg vil påstå André er Noregsmeister i trening! Eg kan rett og slett ikkje sjå at nokon andre spelarar i Tippeligaen eller andre stadar trenar meir eller rettare enn André. Det er ikkje mogleg å ha fleire økter og eg trur ikkje nokon er meir disiplinerte heller. Eg har vore saman med André til dømes på La Manga der han har hatt 3 økter pr. dag. Alt er sjølvsagt intensitetsstyrt og med restitusjon når det er påkrevd. På vanlege dagar når vi andre dødlege er på veg til jobb, er mest sannsynleg André igong med si første økt. Seinare på dagen er det fellestrening, så to økter for dag er standard der i garden.

Mot Strindheim kan Hødd ikkje tape! Finnes det ein Gud så ordnar han siger, og ingen fortjener det meir enn André etter den karriera han har hatt for sin hjarte-klubb. André er sjølvskreven kaptein for Hødd. Han har vore det så lenge at ikkje eg hugsar når han fekk bandet første gong. André har alltid vore kaptein frå han var puttespelar. Nordmenn seiest å vere fødde med ski på beina (Eg er vel unntaket her!), men eg trur André må vere fødd med kapteinbindet rundt høgrearma! Kan nokon få bekrefta dette!? :) Kapteinstypen André er udiskutabel, naturleg leiartype som han er. Etter mitt syn er André kapteinenes kaptein! Hadde han spelt på lag med andre lagkapteinar er eg viss på trenaren hadde vald André som kaptein! I Hødd har vi Sindre, Eirik, Fredrik, Teigen og Kim som lett hadde vore kapteinar på andre lag i form av sine erfaringar og spelarkompetanse. Men André er eit soleklart val for Hødd!

André, til lykke med dagen, med kampen og med rekorden! Det er deg vel unnt som det førebiletet du er og har vore i ein liten, men stor klubb som vår. I ein klubb med 40 års toppfotballtradisjonar og fleire legender; Kjetil Hasund, Hallbjørn Hasund, Otto Sundgot, Audun Wingsternes, Vidar Ulstein med fleire er André Nevstad no legendenes legende!

André, eg hyllar deg!!!

1 kommentar:

mal305s sa...

Gratulerer Andre. Stort forbilde for kommande genrasjonar.