måndag 30. juli 2007

Vindu til ei ny tid for Hødd Fotball?

Medan dei i aldersbestemt fotball i klubben kosar seg med sesongens høgdepunkt Norway cup er det andre aktivtetar på Høddvollhuset. 1. juli opna det kjende overgongsvindauget for sommaren. Frå 1. juli til midnatt 31. august kan spelarar over heile verda skifte beite frå ein klubb til ein annan. Også vi i Hødd Fotball arbeider knallhardt for å forsterke laget og stallen medan vindauget er ope. Særskilt har hovudtrenar Sture og Harald med fleire jobba med eit mål for auge; å gjere tabelleiar i 2. div avd. 2 enno sterkare.

Sture Fladmark er ny mann på Høddvollhuset denne sesongen som heiltidstilsett hovudtrenar. Men han har også ein ny "skugge" i ein ny assistenttrenar, Lars Petter Rønnestad frå Moltu. Lars Petter er ein kjernekar som er lidenskapleg oppteken av fotball. Lars er no verdskjend som Luton-supporter med fast tilnamn i Vestlandsnytt der han konsekvent blir titulert "Luton"! Han kom til oss frå Brann der han har vore trenar for aldersbestemte lag. Familien flytta heimover og Lars hadde egentleg takka ja til å trene Åram/Vankam då Hødd kom på bana med tilbodet om å verte Sture Fladmark si høgre hand. Det skal seiast at Lars her ei stund var mellom barken og veden då han ei periode trente Åram/Vankam samstundes som han tok til som Høddassistent. Og i tillegg jobba han i eit lærarvikariat på Stokksund skule i Tjørvåg, og pendla til alt dette frå bustaden i Volda! For ein mann...

Fram mot påsketider vart det avgjort at Lars slutta som trenar for Åram/Vankam og han kunne då fokusere fullt på rolla i Hødd Fotball. Tilnærminga til fotball for Lars er at han er særs hardtarbeidande, han jobbar mykje med logistikk og ulike analyser som har vore verdifullt for oss så langt i år. Det seier seg også sjølv at han har kome inn i miljøet på ei flott måte, og eg trur han trivs som den berømte plomma.
Sidan vi no er omlag midt i det nemnte overgongsvindauget i fotballen kan eg også avsløre at Lars har vist seg som ein kjemperessurs for oss i Hødd også her. Han har grunna si store interesse for fotball, og med sin kunnskap og kontakter introdusert oss for marknader vi ikkje har vore i tidlegare. Dette har kulminert i at det har vore særs spanande tider for oss som har kunne fulgt dette spelet frå innsida. Dialogar med spelarar og klubbar på eit nivå vi ikkje har vore inne på tidlegare, uten at eg her kan avsløre noko meir konkret no.

Med trenarar i klubben har vore på "spiontokt" for å kartlegge spelarar samstundes som at det lokale næringslivet har stilt seg positive til å bidra, har gjort at for Hødd snakkar vi klart om å ta steg inn i ei ny tid som syner at klubben kan ha livets rett i ein toppfotball som stadig blir tøffare. For det kan eg også avsløre, og håpar at høddarar, supporterar og andre skjønar at det kostar meir i ressursar og jobb om Hødd skal bevare den statusen klubben har i norsk toppfotball som vi har hatt i fleire ti-år. Det betyr at det er ein stor og utfordrande jobb som må gjerast på fleire plan i klubben av mange som bryr seg sterkt om denne klubben. Om vi saman lukkast med dette vil vise seg etterkvart...

Attende til overgongsvindauget og styrking av Høddstallen. Eg skriv og lettar litt på sløret berre for å syne for supporterar som ikkje har tolmod nok, at ting er på gong. Det er ikkje det same som at klubben for fulltreff med desse initiativa, men vi har i allefall tenkt nytt og arbeida hardt for utvikle klubben og forsterke stallen!
Når det er sagt så må det seiast at spelet med å få nye spelarar til klubben ikkje er like enkel som nokre vil ha det til eller igjen andre trur. Det kan synest som om enkelte trur dette er gjort på 1-2-3, men det er eit puslespel som skal gå opp som altfor ofte tek altfor lang tid også for oss som står planta med beina opp i det. Det som ein kveld ser ut som vi har lukkast med og berre formalitetane står igjen, så er det ofte brått snudd over natta! Og dermed må ein i beste fall starte på nytt igjen eller i verste fall skrinlegge planen etter mykje hardt arbeid.
Samstundes så må nok supporterar innsjå at det ikkje er lett å trekkje til seg spelarar frå t.d Austlandet hit til Ulsteinvik. Sjølv om vi synest det sjøl, så er det nok ikkje verdas navle! :)
Spelarar vi ønskjer har ofte god lønn også som må matchast eller det må lagast opplegg for. Vi kjem ikkje langt med "Du får nokre 10 000-kroner i året og må jobbe fulltid på Odim eller Rolls ved sidan av å spele fotball for Hødd"! Det seier seg sjølv at vi då ikkje stiller i første rekkje for spelarar som er vane med "kun" vere fotballspelarar på heiltid.

Det er ein drøy månad igjen av vinduet for overgongar. Kanskje ender vi opp med null og niks, men kanskje skyt vi gullfuglen (Kanskje ei dårleg samanlikning - å skyte gullfuglen (til klubben), men kanskje vi treff blink då! hehe...). Samstundes så lyt folk smøre seg med tolmod. Når det er rett kjem klubben med opplysningar, men ein må også skjøne at Hødd også vil halde sine kort tett til brystet. Det er ikkje noko poeng å røpe noko til eventuelle konkurrentar... Uansett så vil vi arbeide knallhardt for at Hødd skal stå så godt rusta i kampen om opprykk som overhode råd er. Vi har prøvd nye vinklingar og arbeida breiare og dermed søkt å gi klubben fleire bein å stå på. I kva grad vi lukkast, ja det gjenstår å sjå...

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Ronny, fint med litt oppdatering på bloggen din. Er fullstendig klar over at dokke jobba seriøst med å styrke stallen, og at det ikkje er heilt enkelt. MEN, eg ynskjer dokke lukke til, er spent på kampen mot Asker på laurdag, og ser fram mot å dra til Vik neste laurdag, mot Strindheim

Ronny Osnes sa...

Takk skal du ha, Jostein. Joda, det kan bli veldig bra. Der er fleire og større fiskar, sjølv om Ørsal glapp i denne omgong.